Hopp til innhald

Fagstoff

Grupper på arbeidsplassen

Det finst mange måtar å bli medlem av ei gruppe på. Kor enkelt det er å kome inn i ei gruppe, varierer frå person til person og frå gruppe til gruppe.
Sykepleiere på eit kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I yrke innanfor helse- og oppvekstsektoren er samarbeid i grupper ei vanleg arbeidsform.

  • I barnehagen samarbeider barne- og ungdomsarbeidarar og førskolelærarar tett og utgjer ei gruppe med felles mål, men ulike kompetanseområde.
  • I ambulansen samarbeider ambulansearbeidarar med legar eller sjukepleiarar for å gi pasienten best mogleg hjelp.
  • På legekontoret samarbeider helsesekretærane med legar og sjukepleiarar.
    Liknande eksempel vil du finne innanfor dei fleste yrke. Les meir om dette under tverrfagleg samarbeid.

Teamarbeid

I nokre samanhengar blir gruppearbeid kalla teamarbeid. Det er avgjerande at du som fagarbeidar kan samarbeide med ulike personar i ulike grupper for å få jobben gjord. I nokre situasjonar er det mest naturleg at du samarbeider med andre som har den same kompetansen som du sjølv har, medan andre arbeidsoppgåver er så samansette at dei krev at menneske med ulik kompetanse samarbeider. For at samarbeidet skal fungere, krevst det grupper som fungerer godt.

Å bli ein fullverdig medlem av gruppa

Ut frå dei opplevingane du har til no, kjenner du sikkert til at det å kome inn i ei gruppe kan opplevast svært forskjellig. I enkelte grupper kjenner du deg som ein av gruppa nokså raskt, medan du i andre grupper bruker lang tid på å finne din plass.

Det å bli ein fullverdig medlem av gruppa krev at du er open, spørjande og interessert. Det krev òg at gruppa du skal inn i, er villig til å sleppe deg inn, at dei gir deg tid og hjelper til å finne din plass i gruppa.

Når du skal begynne på ein ny arbeidsplass, er det mykje du må lære og setje deg inn i før du kan kalle deg ein fullverdig medlem av gruppa. Under finn du eit eksempel som kan syne dette.

Dømet Alfon

Da Alfon var elev ved helse- og oppvekstfag, valde han ein sjukeheim som opplæringsplass i yrkesfagleg fordjuping. Første dag på jobb var skummel. Han kjende ingen og hugsa verken namnet på brukarane eller dei tilsette. Etter nokre veker kjende han namnet på fleire av brukarane og eit par av dei tilsette, men han kjende seg framleis litt «på besøk».

Da Alfon hadde hatt yrkesfagleg fordjuping i to år, syntest han på mange måtar at han var ein del av gruppa, men det var framleis slik at han gjorde det han blei bedd om og sjeldan tok del i avgjerder som blei tekne.

Alfon var heldig og fekk læretid på same sjukeheim, og i løpet av den tida han var der, blei han stadig tryggare i gruppa, både blant tilsette og brukarar. Han sa etter kvart frå om ting han var ueinig i, blei lytta til, han diskuterte og blei teken med på råd. Han lærte seg òg kva som var saksgang, og kva som var rolla hans.

Så ein dag, kanskje i slutten av læretida, eller kanskje seinare, kjende han seg som ein fullverdig medlem av gruppa. Han var helsefagarbeidaren på Steine sjukeheim.

Modell som vis progresjonen i gruppetilhøyrsle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Utfordringar til deg:

  1. Kva er teamarbeid?
  2. Lag ei oversikt over kva yrkesgrupper du vil jobbe i gruppe med når du er ferdig utdanna.
  3. Korleis kan du bruke tida i skolen til å trene deg på gruppearbeid?
  4. Kva kjenneteiknar ei god gruppe?
  5. Kva vil du leggje i det å vere ein fullverdig medlem av ei gruppe?
  6. Diskuter eksemplet med Alfon.
    – Er det realistisk at det er slik som i eksemplet?
    – Kva kan Alfon sjølv gjere for å fortare bli ein del av gruppa?
    – Sjå på figuren. Han manglar eit tidspunkt for når Alfon er ein fullverdig medlem. Kva trur du det kan kome av?

Relatert innhald

Tverrfagleg samarbeid handlar om at ulike yrkesgrupper med ulik kompetanse samarbeider om å løyse oppgåver.

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar