Hopp til innhald

Fagstoff

Omsorg og service

Omsorg er å ta vare på og bry seg om nokon, mens service handlar om å tilby ei teneste. Dersom du vel eit yrke innan helse- og oppvekstfag, vil arbeidet ditt ofte omfatte både omsorg og service.

Kva er omsorg?

Omsorg er å ta vare på og å bry seg om nokon. Når du viser omsorg for ein person, bryr du deg om korleis vedkomande har det, og du prøver å gjere det beste for han eller henne. Det er vanleg å skilje mellom naturleg og profesjonell omsorg.

Naturleg omsorg

Naturleg omsorg finn vi i situasjonar der det er naturleg at ein person tek vare på ein annan, vanlegvis fordi dei kjenner kvarandre. Det er ikkje noko vi gjer fordi vi må, eller fordi vi får betalt for det. Døme på dette er

  • foreldre som viser omsorg overfor barna sine
  • venner som hjelper kvarandre i vanskelege situasjonar

Profesjonell omsorg

Som fagarbeidar skal du vise omsorg for menneske du ikkje kjenner frå før. Du har utdanning i og kompetanse til å gjere det, og du får betalt for å gjere det. Det kallar vi profesjonell omsorg. Men omsorga må vere ekte. Du må vilje det. Viss ikkje vil ikkje brukaren oppleve det som omsorg. Ekte omsorg føreset at du har evne til empati, det vil seie at du greier å setje deg inn i korleis brukaren opplever situasjonen sin.

Kva er service?

Ordet service kjem av det latinske ordet servus, som betyr «tenar» eller «slave». Service handlar om å tilby nokon ei teneste. Ordet ser vi i mange samanhengar, både i språket og i ulike delar av samfunnslivet, til dømes

  • servere
  • service og samferdsel
  • bu- og servicesenter
  • serviceyrke

Har du høyrt uttrykket «å serve» nokon?

God eller dårleg service?

Service består både av det du gjer, og måten du gjer det på. Det som er viktig for brukaren, er at han eller ho får den tenesta vedkomande ønskjer, og at du utfører tenesta på ein god måte. Ein apotekteknikar kan til dømes informere grundig om eit medikament han sel. Men er han uhøfleg, vil kunden likevel oppleve at servicen er dårleg.

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar