Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere menneske

Som menneske lever du i eit sosialt fellesskap med andre menneske. Du er sjølv med på å påverke di eiga utvikling, og du kan ta eigne val. Det er eigentleg ein stor jobb å skulle bli eit menneske, og det er mykje vi skal lære på vegen.
Utvikling frå barn til gamal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som menneske utviklar vi oss heile livet, og som fagarbeidar må du hugse på at dei menneska du arbeider med, også er i utvikling. Jobben din handlar om å leggje til rette for denne utviklinga på ein god måte.

Fellesskap med andre

Som menneske skal vi fungere i eit fellesskap, og vi skal vere medmenneske. Vi er avhengige av kvarandre i dette fellesskapet, og vi må lære å omgåast kvarandre med tillit og gjensidig respekt, uavhengig av kva kultur vi høyrer til, kva språk vi snakkar eller kva hudfarge vi har. Vi er alle menneske som treng kjærleik, omsorg og tryggleik frå omgivnadene våre for å kunne utvikle oss på ein positiv måte.

Å vere menneske inneber også å bry seg om andre, og å ha evna til empati. Empati vil seie å kunne setje seg inn i korleis andre menneske kjenner og opplever situasjonar, utan å overta eller ta kjenslene til den andre parten innover seg.

Eksempel

Anne er 82 år, og bur aleine i huset sitt etter at mannen hennar døydde for 1 år sidan. Ho har ingen nær familie og får lite besøk. Anne er ofte lei seg, og uttrykkjer eit stort behov for nærleik og omsorg. Korleis kan du som medmenneske vere med på å gjere Anne sin situasjon betre?

Gamal dame og ung mann som smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi er altså sjølvstendige individ som blir fødde inn i eit samfunn og eit fellesskap. I dette samfunnet - uavhengig av kva land og kultur vi veks opp i - er vi bundne saman av normer, verdiar og tradisjonar. Eit nyfødd barn er ikkje berre passivt eller ”tomt”, men det har ei unik evne til å kommunisere med omverda med ein gong. Derfor seier vi at barnet utviklar seg i eit aktivt samspel med menneska og miljøet det er ein del av. I dette samspelet skal barnet lære å bli eit menneske - og ein del av samfunnet og fellesskapet.


Utfordringar til deg


  1. Kva vil det seie å vere menneske?

  2. Korleis er du som medmenneske for dine

    • venner

    • foreldre

    • søsken

    • naboar

    • besteforeldre

    • lærarar

    Er det nokon skilnad?

  3. På kva måte blir mennesket ein del av eit samfunn og eit fellesskap? Kom med eksempel.

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2018

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar