Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omsorg og service i arbeidet

I jobben som fagarbeidar skal du vise omsorg og yte service som fremmar helse og meistring. Kva inneber det i dei ulike yrka?
Apotekteknikar står ved ein pc og sjekkar ID-kortet til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Forklar omgrepa:

    1. omsorg

    2. service

  2. Kva er forskjellen mellom omsorg og service, og korleis heng dei saman?

  3. Kva for nokre av yrka innan helse- og oppvekstfag handlar mest om

    1. å yte service

    2. å vise omsorg

    3. både omsorg og service

  4. Vel deg eit av yrka innan helse- og oppvekstfag som du vurderer å utdanne deg til. Beskriv døme frå dette yrket på

    1. god omsorg

    2. dårleg omsorg

    3. god service

    4. dårleg service

Gruppeoppgåve

Jobb saman med ein eller fleire medelevar som valde same yrke som deg. Lag eit rollespel eller ein film der de viser ein situasjon frå ein vanleg arbeidsdag i yrket de har valt. Filmen eller rollespelet skal visast i klassen og bør innehalde

  • døme på dårleg omsorg og service frå fagarbeidaren (slik skal det ikkje gjerast)

  • døme på god omsorg og service frå fagarbeidaren (god yrkesutøving)

Refleksjon i klassen

  1. Korleis kan omsorg og service framme helse og meistring?

  2. Kvifor er det viktig at de som fagarbeidarar viser omsorg og yter god service for brukarar av helse- og oppveksttenester? Grunngi.

Relatert innhald

For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig.

Å vere eigna til noko vil seie å ha visse eigenskapar som til dømes eit yrke krev.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2022

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar