Hopp til innhald

Fagstoff

Leiing av grupper

Som fagarbeidar innanfor helse- og oppvekstsektoren er det vanleg at du i tillegg til å delta i grupper også kan leie grupper.
Førskolelærer leker med barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barne- og ungdomsarbeidaren kan for eksempel leie ei gruppe barn, medan helsesekretæren kan leie ei prosjektgruppe på arbeidsplassen. Dei aller fleste vil oppleve at dei leier grupper i ein eller annan samanheng.

Gruppeleiing

Dersom du skal vere leiar for ei gruppe, kan det vere lurt å tenkje over korleis du ønskjer å leie. Føremålet med gruppeleiing bør vere at kvar enkelt gruppemedlem skal kunne yte sitt ytste og ha eit størst mogleg utbytte av å ta del i den aktuelle gruppa.

Gruppeleiing er situasjonsbestemt. Det vil seie at det krev noko heilt anna å vere leiar for ei prosjektgruppe der medlemmene har meldt seg på eit utviklingsprosjekt, enn å leie ei gruppe på ein arbeidsplass der mannskapet er skore ned og er så lite at fagarbeidarane synest det er vanskeleg å strekke til.

Det finst ulike måtar å skildre gruppeleiarar på. Vi presenterer ein modell med tre ulike leiartypar.

Generalinspektøren for Luftforsvaret helsar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Autoritær leiar

Ho tek gjerne avgjerder utan å diskutere med resten av gruppa. Den autoritære leiaren får makta si ved å vere sterkare enn dei andre, og har ofte ei sterk tru på det ho ønskjer å oppnå. Denne leiartypen krev at dei andre i gruppa høyrer etter dersom dei skal vere medlem av gruppa. Det finst mange gradar innanfor det å vere autoritær leiar, der diktatoren er den verste.

Verdibasert leiar

Ho har eit heilskapleg menneskesyn og prøver å leie med respekt og ærlegdom. Ho tek ofte resten av gruppa med på råd og ønskjer å involvere dei i avgjerdene som skal takast.

La-det-skure-leiaren

Dette er leiaren som ikkje grip inn og styrer gruppa når det er nødvendig, ho som ikkje seier frå sjølv om gruppemedlemmer gjer uakseptable ting. Ho er leiar i namnet, men tek ikkje det ansvaret ein leiar skal ha.


Det er ikkje slik at ein leiar har hundre prosent den eine leiarstilen, ofte er ho mest den eine typen, men ho kan også ha eigenskapar frå dei andre leiartypane.


Utfordringar til deg:

  1. Diskuter kva du legg i omgrepet «ein god leiar». Kva eigenskapar må ho ha?
  2. Diskuter punkta i lista over eigenskapar hos leiarar i helse- og oppvekstsektoren. Kva legg du i kvart enkelt punkt? Har du fleire punkt du vil leggje til?
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2020

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar