Hopp til innhald

Fagstoff

Rolla di i gruppa

Ei gruppe er sett saman av to eller fleire personar som kjenner at dei høyrer saman. Grupper oppstår ofte når personar skal løyse oppgåver med felles mål. Kor medviten den enkelte er på dei oppgåvene som skal løysast, og kor tydelege oppgåvene er, varierer mykje.
Fem jenter som held ein pokal saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er medlem av ei rekkje grupper og veit at dei kan fungere svært forskjellig og ha ulik verdi i livet ditt. Det å vere medlem av ei gruppe gir deg vanlegvis ei rolle, det vil seie at det blir forventa noko spesielt av deg i den spesifikke gruppa.

Kort om nokre grupper

  • Familien er ei gruppe der du får rolla som son, dotter, syster, bror, barnebarn og så vidare. For dei aller fleste er familien ei svært viktig gruppe, der vi både har oppgåver og får dekt ei rekkje av behova våre. Kor godt familiegruppa di fungerer, vil påverke livet ditt i mange år framover.
  • I vennegruppa får du vennerolla. Dette er ei viktig gruppe, som gir oss tryggleik, respekt og anerkjenning når ho fungerer godt. Å ha venner er viktig for dei fleste menneske, men kor mange venner vi har, varierer mykje.
  • I skolen har du elevrolla, men du kan òg få andre roller, som elevrådsrepresentant, russepresident, verneombod i klassen og mange fleire. Elevrolla gir deg sjansar til å auke kompetansen din på ei rekkje område, og ho inneheld forventningar mellom anna om at du skal møte til timar, gjere skolearbeidet og samarbeide med andre. Kor godt du fungerer i skolegruppa di, vil gi utslag på læringa di og det vidare arbeidet ditt.
  • Når du begynner å jobbe, vil du bli medlem av gruppa på arbeidsplassen og få ei yrkesrolle. Truleg vil denne gruppemedlemskapen også gi deg fleire roller, for eksempel tillitsvald, fagforeiningsrepresentant og så vidare. For dei aller fleste gir yrkesgruppa ei oppleving av tryggleik, stabilitet og sjanse til å utvikle seg og kjenne seg nyttig. Svært mange knyter òg viktige sosiale relasjonar og finn gode venner i arbeidsgruppa si..
  • Mange er medlemmer i idrettslag, teaterlag, ungdomsklubbar, MC-klubbar eller driv med andre typar fritidsaktivitetar i grupper. I desse gruppene får vi brukt andre sider av oss sjølve enn i skole og jobb. Som regel blir vennskapar knytte i slike grupper, nettopp fordi medlemmene opplever at dei har felles interesser.
Smilande unge menneske som sit rundt eit bord og gir kvarandre high five. Foto.

Ansvar

Uansett kva for ei gruppe du er medlem av, så har du, på lik linje med alle andre, eit ansvar for korleis gruppa fungerer. Korleis du sjølv oppfører deg i gruppa, og korleis du responderer på oppførselen til dei andre i gruppa, vil gi utslag på korleis gruppa fungerer. Sjølv om nokre grupper slit med å fungere, er det ansvarsfråskriving å berre skulde på dei andre når gruppa ikkje fungerer.


Utfordringar til deg:

  1. Kva trur du er meint med denne setninga: «Kor godt familiegruppa di fungerer, vil påverke livet ditt i mange år framover.»
  2. Diskuter korleis klassen som gruppe verkar på di rolle som elev.
  3. Kva ventar og ønskjer du deg av den gruppa du skal jobbe saman med når du går ut i jobb?
  4. Kvifor er det så viktig å ha fritidsaktivitetar?
  5. Kva kan du gjere om gruppa di ikkje fungerer?
  6. Ole, Kristian og Lisa har eit gruppearbeid som skal vere ferdig til i morgon. Lisa seier at ho må dra fordi det er no ho har skyss heim. Dei to andre seier ingenting, men blir sitjande tilbake med mykje arbeid og irriterer seg over Lisa. Diskuter:
    – Kva gjekk gale her?
    – Kva burde vore gjort?
    – Kven har ansvaret for det som skjedde?
    – Korleis går det an å bruke leiaren for gruppa (her læraren) i slike situasjonar?

Relatert innhald

Ei rolle blir definert som summen av dei forventningane som blir stilte til ein person i ein viss posisjon. Roller er ein viktig del av sosialiseringa.

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2018

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar