Hopp til innhald

Fagstoff

Grupper

Ei gruppe inneheld to eller fleire personar som forpliktar kvarandre til å gå saman om å løyse oppgåver med felles mål over ein viss periode. Grupper kan deles inn etter kva slags mål og oppgåver dei har.
Familie ligg i senga og berre føtene stikk fram frå dynekanten. Vaksne føter på kvar side og to par babyføter i midten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenneteikn på ei gruppe

  • ho inneheld minst to personar
  • det er eit kjenslerelatert forhold mellom personane
  • samspelet mellom personane varer over tid
  • ho har felles mål

Primærgruppe

Ei primærgruppe er ei lita gruppe der medlemmene har nær kontakt med kvarandre – gruppemedlemmene møter kvarandre dagleg ansikt til ansikt.

Kjenneteikna på ei primærgruppe:

  • storleik: lita
  • nærleik: ansikt til ansikt
  • kontakt: dagleg og fleire gonger per dag
  • vi-kjensle: sterke kjenslerelaterte forhold

Familie og nære venner kan vere døme på primærgrupper

Sekundærgruppe

Ei sekundærgruppe er ei større gruppe med meir upersonleg kontakt mellom medlemmene – mindre grad av nærleik, men sterk vi-kjensle som byggjer på felles verdiar og mål.

Kjenneteikna på ei sekundærgruppe:

  • storleik: stor, større enn primærgruppa
  • nærleik: alle treng ikkje å kjenne kvarandre
  • kontakt: varierer, ikkje nødvendigvis dagleg
  • vi-kjensle: bygger på verdiar og felles mål

Ein klasse, handballaget, eit politisk parti og nasjonen er nokre døme på kva sekundærgrupper kan vere.

Referansegrupper

Ei referansegruppe er ei gruppe der medlemmene identifiserer seg med dei menneska dei ønsker å samanlikne seg med. Dei treng ikkje å ha kontakt med kvarandre, og graden av vi-kjensle er synleg gjennom åtferd. Ei referansegruppe kan vere både primær- og sekundærgruppe.

Kjenneteikna på ei referansegruppe:

  • storleik: kan variere sterkt
  • nærleik: kan vere nært, men treng ikkje å vere det
  • kontakt: kan variere frå dagleg til ingen kontakt
  • vi-kjensle: kan vere sterke bindingar som syner seg i åtferd

Ei musikkgruppe, til dømes pønkarar, idol innan idrett, førestelte grupper, til dømes "dei pene" eller nokon som er kjend for å vere flink i det yrket vi skal utøve er nokre døme på kva referansegrupper kan vere.

Oppgåver

Her kan du øve deg på å grunngi kvifor desse gruppene er primærgrupper med utgangspunkt i dei fire kjenneteikna storleik, nærleik, kontakt og vi-kjensle:

primærgrupper

Gruppe

Storleik

Nærleik

Kontakt

Vi-kjensle

Familie

Vener

Tilsette

Andre

Her finn du døme på sekundærgrupper. Kan du grunngi kvifor desse gruppene er sekundærgrupper ut frå dei fire kjenneteikna storleik, nærleik, kontakt og vi-kjensle?

sekundærgrupper

Gruppe

Storleik

Nærleik

Kontakt

Vi-kjensle

Handballag

Politisk parti

Nasjon

Døma under kan vere referansegrupper. Øv deg på å grunngi kvifor desse gruppene er referansegrupper med utgangspunkt i dei fire kjenneteikna storleik, nærleik, kontakt og vi-kjensle:

referansegrupper

Gruppe

Storleik

Nærleik

Kontakt

Vi-kjensle

Musikkgruppe,
t.d. pønkarar

Idol innan idrett,
t.d. snøbrett

Førestelte grupper, t.d. "dei pene"

Andre

Leit på internett etter bilete som illustrerer døme på slike referansegrupper, og kopier desse til arbeidsboka di. Ta gjerne med ei lita forklaring på kvifor du valde akkurat desse bileta.

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2018

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar