Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon som styrkar relasjonar

Korleis heng kommunikasjon og relasjonar saman, og korleis kan du gi andre ein respons som styrkar relasjonen din til dei?
Smilande multietnisk ungdom av begge kjønn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Samanhengen mellom relasjonar og kommunikasjon

  • Les om korleis relasjonar og kommunikasjon heng saman i fagartikkelen "Roller, relasjonar og kommunikasjon" som ligg som relatert innhald.
  • Skriv ned alle setningane som har orda "relasjon" eller "venskap" i seg.
  • Samanfatt med eigne ord korleis relasjonar og kommunikasjon heng saman.
  • Diskuter: Kor viktig er kommunikasjon for ein god relasjon? Kor viktig er ein god relasjon for at vi skal kommunisere godt?

Oppgåve 2. Prøv ut fire typar tilbakemeldingar

I artikkelen "Kunsten å ta del i andres glede" på Psykologisk.no (lenkje ligg som relatert innhald) lærer du om fire typar tilbakemeldingar du kan gi når nokon delar noko positivt dei har opplevd, med deg.

  • Gå saman i par og les artikkelen høgt. Stopp etter kvart avsnitt og diskuter innhaldet.
  • Kjenner de dykk igjen i det som blir beskrive her?
  • Kva er grunnar til at vi ikkje gir kvarandre aktiv og konstruktiv respons heile tida?
  • Framleis i par: Den eine av dykk fortel om noko bra som har skjedd. Den andre prøver ut dei ulike responstypane. Hugs på kroppsspråket òg!
  • Kva skjer om de bruker kroppsspråket frå ein negativ respons saman med verbalspråket til ein positiv respons?

Oppgåve 3. Reflekter og diskuter

Diskuter og reflekter saman i klassen om korleis dei ulike responstypane påverkar kommunikasjonen.

  • Korleis kjennest det å få destruktiv respons?
  • Kva for nokre av responstypane kjendest verst å få?
  • Kva for nokre av responstypane kjendest verst å gi?
  • Kva skjer om de bruker kroppsspråket frå ein negativ respons saman med verbalspråket til ein positiv respons?
  • Forfattaren av artikkelen på Psykologisk.no seier at aktiv og konstruktiv respons "burde vært pensum for skoleelever og lærere, for ledere og kollegaer." Diskuter denne påstanden.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar