Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk relasjonar og sosiale faktorar i kommunikasjonen

I denne øvinga skal du utforske korleis sosiale faktorar og relasjonar påverkar korleis du produserer og tolkar meldingar.
En ung mann går igjennom en dør med hendene fulle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Korleis påverkar relasjonar og sosiale faktorar måten du kommuniserer på?

Gå saman i par. Den eine av dykk skal kommunisere til den andre at du treng hjelp til å opne ei dør fordi du har hendene fulle. Du kan bruke både verbalspråk og kroppsspråk.

Tenk deg at partnaren din er ein av personane under, og hen skal gjette kven av dei du snakkar til.

  • eit barn
  • ein du ikkje stoler på fordi vedkomande har baksnakka deg
  • ein eldre lærer
  • ein person som du er hemmeleg forelska i
  • ein du ikkje har noko respekt for
  • ein bestevenn frå barndommen av

Etterpå kan de byte roller.

Diskuter:

  • Var nokon lettare å gjette enn andre? Kvifor det?

  • Korleis tilpassa de korleis de formidla meldinga etter kven de snakka med?

2. Kommunikasjon på sosiale medium

Tenk deg at du skal fortelje at du har fått ny jobb. Korleis ville du utforma ei melding på sosiale medium

  • på ei open plattform
  • i ei venegruppe

Diskuter: Kva vurderingar ligg bak korleis du utforma dei ulike meldingane?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar