Hopp til innhald

Fagstoff

Roller, relasjonar og kommunikasjon

Det er berre viss du har rolla som dommar på ein fotballbane at du får kampen til å stoppe ved å blåse i ei fløyte. Korleis påverkar roller og relasjonar korleis vi kommuniserer med kvarandre?
Kvinne med munnbind snakkar i telefonen mens ho står ovanfor ein mann i kassen i ein butikk. Foto.

er forventningar til korleis du skal oppføre deg i ein bestemd situasjon, og dei påverkar relasjonane dine til andre. Det følgjer ofte ulike rettar og plikter med desse rollene som også regulerer kommunikasjonen, til dømes kven som kan snakke, korleis du kan seie noko, og kva du kan seie.

Plikter, rettar og forventningar

Skal du utføre rolla som dommar, er det klare forventningar til kva slags klesdrakt, åtferd og kunnskap du må ha. Det følgjer òg med plikter og rettar om korleis du skal kommunisere: Du har plikt til å regulere spelet ved å gi beskjed når reglar blir brotne og til å kome med ein reaksjon på regelbrota. Du har rettar i kommunikasjonen som ingen andre i fotballen har: Du er den einaste som kan vise ut spelarar som protesterer mot avgjerdene dine.

Vi har òg roller i kommunikasjonssituasjonar som involverer tekstar. Det følgjer andre forpliktingar og rettar til rolla di som korrekturlesar i ei avis, enn ein vanleg lesar av avisa.

Konvensjonar for kommunikasjon i ulike roller

For nokon roller finst det reglar for korleis vi kommuniserer, såkalla for kommunikasjon. Som fotballdommar gjeld desse reglane: Du kan blåse i fløyta, vifte med kort og bruke bestemde handrørsler. Slike konvensjonar gjer kommunikasjonen mykje enklare: Tenk berre viss du skulle finne på heilt nye måtar å kommunisere med spelarane på i ein fotballkamp!

På sosiale medium har vi òg konvensjonar for korleis ei melding kan utformast ut frå rollene vi har, sjølv om dei er mykje meir uklare enn i dømet med fotballdommaren. Kva slags uformelle spelereglar gjeld til dømes for å ønskje ein ven gratulerer med dagen på sosiale medium?

I døma over er konvensjonane for kommunikasjon i ulike roller vorte ein del av forventningane knytte til deg i ei bestemd rolle. Desse spelereglane er heile tida i endring og blir både skapte og endra ved at vi tek dei i bruk. Det er ekstra tydeleg når det gjeld fødselsdagshelsingar på sosiale medium. Ved å samhandle på sosiale medium har vi danna oss nokre mønster for korleis vi gjer ting. Desse mønstera har vorte til konvensjonar: ei semje om at "sånn gjer vi det når nokon har bursdag".


Tenk over / diskuter:

Kva konvensjonar for kommunikasjon gjeld i rollene som avsendar og mottakar av ei tekstmelding på mobilen?

Har konvensjonane for fødselsdagshelsingar på sosiale medium endra seg sidan du var barn? Korleis?

Roller, relasjonar og makt

Viss rollene til deltakarane i kommunikasjonen har like rettar og plikter, kan vi seie at relasjonen mellom dei er symmetrisk. I andre situasjonar har nokon ei dominerande rolle, slik at dei har meir makt enn andre. Dette kan sjølvsagt òg påverke kommunikasjonen.

Nokre relasjonar er nære, medan andre er prega av avstand. Tilliten vi føler til andre, varierer, og dette påverkar kor mykje og kva vi vil dele. Korleis vi kommuniserer, kan òg påverke relasjonane vi har til kvarandre, både positivt og negativt. Ein god venskap gir ofte god kommunikasjon, samtidig som at god kommunikasjon styrkjer venskapen.

Når du veit at nokon har makt over deg, avgrensar det kva du føler du kan seie til dei, og kor nær relasjonen blir. Eit døme er forholdet mellom tilsett og leiar. Dei fleste vil vere meir forsiktige med kva dei seier, og korleis dei seier det, til ein sjef enn til ein besteven. I ein god venskap er relasjonen ofte nær og prega av likeverd og tillit. Her er kommunikasjonen open, uformell i forma, og vi tolkar kvarandre i beste meining.


Tenk over / diskuter:

Tenk på nokon du har eit skikkeleg godt forhold til. Er kommunikasjonen mellom dykk god? Kva kom først – den gode relasjonen, eller den gode kommunikasjonen?

Korleis påverkar makta lærarar har over elevar kommunikasjonen mellom dei?

Ein person går på line mellom symbola for mann og kvinne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjønnsroller

Kjønnsroller er forventningar til oss ut frå kva for eit sosialt kjønn vi har, eller blir oppfatta å ha. Desse forventningane kan òg ha ein innverknad på korleis vi kommuniserer.

Innhaldet i kjønnsrollene varierer på tvers av kulturar, derfor handlar dette om varierande forventningar, rettar og plikter. I nokre samfunn er kvinnerolla ikkje likeverdig med mannsrolla, noko som igjen påverkar korleis relasjonane i kommunikasjonen mellom menneske av ulikt kjønn blir. Sjølv i eit land med formell likestilling som Noreg, har forsking vist at kvinner seier mindre enn menn i offentlege forsamlingar, og at viss dei deltek aktivt, blir det oppfatta som at dei snakkar meir enn ein mann som er like aktiv.

I NRK-klippet under ser du korleis dei vaksne i ein barnehage umedvite forskjellsbehandlar barna ut frå kva kjønn dei er:

Kjønn påverkar tolkinga av bodskap

Kjønnsroller handlar òg om identitet, vår eigen og andre sin, og vi veit at meldingar kan bli tolka ulikt ut frå kva kjønn avsendar har. Forsking har vist at kvinner som er sinte, blir tolka som hysteriske og inkompetente, mens menn som seier akkurat det same, blir tolka som bestemde og fulle av kraft (Salerno m.fl., 2018). Samtidig veit vi at gutar og menn ofte ikkje blir høyrde når dei fortel om overgrep, fordi forventningar knytte til mannsrolla ikkje gir rom for å bli sett på som eit offer (Herlof Andersen, 2020).


Tenk over / diskuter:

Har du lagt merke til at enkelte TV-seriar og filmar har vitsar om menn som blir utsette for seksuelle overgrep? Kvifor trur du det er slik?

Forhandling om roller

Nokre gonger er det tydeleg kva rolle vi har i kommunikasjonen, slik som i ein fotballkamp der rollene er fordelte på ein formell måte. I mindre formelle situasjonar er det ikkje alltid klart kva roller vi har, og ofte inneber situasjonen ei forhandling om roller.

I uformelle grupper som venegjengar har du kanskje opplevd at nokon har prøvd å ta ei leiarrolle. Dette kan kome til uttrykk gjennom at dei prøver å styre kva de skal snakke om, kven som får snakke, eller kva de skal gjere. De andre i gruppa kan då anten akseptere dette ved å slutte dykk til det denne personen seier. De kan òg ignorere forslaga, eller kome med motforslag og dermed utfordre leiarrolla.

Det er òg store individuelle forskjellar i korleis vi vel å fylle rollene vi hamnar i. Viss vi bryt med forventningane andre har til oss i ei bestemd rolle, kan dette òg prege kommunikasjonen. Når du er i rolla som elev, er det forventningar til at du skal lytte og vere interessert i det læraren underviser om. Kva skjer med kommunikasjonen med læraren om du vel å bryte med desse forventningane?

Når du skal utforske kommunikasjon, er det interessant å sjå på relasjonane og rollene dei som kommuniserer inntek eller forhandlar om, korleis dei uttrykkjer og forhandlar om desse rollene, og kva slags forventningar, rettar og plikter som følgjer med desse rollene.


Tenk over / diskuter:

Kva konvensjonar for kommunikasjon er knytte til rolla som medelev? Er det store variasjonar i korleis du kommuniserer med andre medelevar ut frå kva slags relasjon de har?

Kva roller er det vanleg å innta eller forhandle om i ein politisk debatt på TV?

Vi samarbeider om å ikkje tape ansikt

I kommunikasjonen samarbeider vi òg om å hindre at vi taper ansikt. Vi har på ein måte ein gjensidig kontrakt om å ikkje setje andre i situasjonar der vi føler oss ukomfortable. Viss vi må seie noko som truar den andre sitt sosiale sjølvbiletet, har vi mange strategiar for å verke mindre truande. Det vi kallar høflegheit, er strategiar vi bruker for å lette på ubehagelege situasjonar.

Å be nokon om ei teneste er faktisk eit døme på ein slik situasjon. Det kan true andre sine sjølvbilete fordi du ber dei om å gi frå seg kontrollen over si eiga tid og energi. Derfor har vi mange høflegheitsfraser som vi kan bruke når vi ber kvarandre om noko: "Kunne du vere så snill å...?", "Viss du ikkje er travel, har du moglegheit til å...?", "Tusen takk, dette set eg veldig pris på."


Tenk over / diskuter:

Er det forskjellar mellom korleis du ville spørje ein butikkmedarbeidar og ein nær ven om ei teneste?


Kjelder:

Andersen, T. H. (2020, 4. august). Vold er en menneskelig, ikke en kjønnet erfaring. Kjønnsforskning.no http://kjonnsforskning.no/nb/2020/07/vold-er-en-menneskelig-ikke-en-kjonnet-erfaring

Goffman, E. (1955). On face-work: an analysis of ritual elements in social interaction. Psychiatry: Journal for the Study of Interpersonal Processes 18, 213–231.

Salerno, J. M. m.fl. (2018). Closing with Emotion: The Differential Impact of Male versus Female Attorneys Expressing Anger in Court. Law and Human Behavior 42(4). DOI: 10.1037/lhb0000292

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling (3. utg). Cappelen Damm akademisk.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2021

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar