Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lokalt reiselivsprodukt

De er i denne oppgåva leigd inn av eit fiktivt turistkontor for å hjelpe dei i arbeidet med å marknadsføre eit lokalt reiselivsprodukt til den norske marknaden. Produktet skal gi fleire besøkjande til kommunen. Jobb i grupper, og bestem korleis det lokale reiselivsproduktet skal utformast.

Del 1: Lokalt reiselivsprodukt

Ta utgangspunkt i eit lokalt reiselivsprodukt de kjenner til. Eventuelt kan de gå inn på internett og finne eit lokalt reiselivsprodukt. Tenk dykk at eit turistkontor ønskjer hjelp til å lage ein marknads- og aktivitetsplan for dette reiselivsproduktet, og at dei derfor ber dykk om å undersøkje og kome med forslag til følgjande:

  • Korleis vil du beskrive det aktuelle produktet?
  • Kva er kjernen?
  • Kva periferitenester har produktet?
  • Kva målgrupper passar produktet best for?
  • Korleis kan vi best nå fram til desse målgruppene?
  • Kva kanalar vil du bruke for å selje og distribuere dette produktet?
  • Kor viktig er dette produktet for destinasjonen som heilskap?

  • Noter svara dykkar i eit felles dokument.

Del 2: Lag ein marknads- og aktivitetsplan

Tilbodet skal lanserast om ca. seks månader på ei stor nasjonal reiselivsmesse, og håpet er at det skal trekkje besøkjande etter denne messa.

  • Lag ein marknadsplan for produktet.

  • Lag ein konkret aktivitetsplan med marknadsaktivitetar de vil bruke for å nå dei aktuelle samarbeidspartnarane og målgruppene.

Relatert innhald

Ein marknadsplan er ei konkret skildring av kva marknadsaktivitetar bedrifta planlegg for ein gitt periode.

Markedsaktivitetane er ein viktig del av marknadsplanen. Det er ei konkret skildring av dei aktivitetane vi ønskjer å gjennomføre i ein gitt tidsperiode.

Del 3: Lag ein marknadsføringskampanje for reiselivsproduktet

  • Planlegg og lag utkast til ein marknadsføringskampanje for produktet, de vel sjølv i kva form.

Relatert innhald

Del 4: Rollespel – Planlegg og gjennomfør ein marknadsaktivitet

  • Vel ein marknadsaktivitet frå lista dykkar som de ønskjer å gjennomføre i klassen.

  • Klassen representerer både kundar og gjester.

  • Marknadsaktiviteten kan til dømes vere messestand, lansering av produktet, eit informasjonsmøte eller liknande.

  • Bruk eventuelt materiell de har laga til marknadsføringskampanjen.

Relatert innhald

Å arrangere eit vellykka arrangement eller ein event krev god planlegging.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer