Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsstrategi

Ein marknadsstrategi er ein nøyaktig plan for korleis du skal nå marknadsmåla dine. Han svarer på spørsmål som kva målgrupper bedrifta skal velje, og korleis ho skal nytte konkurransemidla for å nå måla sine.

Når vi skal lage ein marknadsstrategi, må vi mellom anna vurdere

  • segmentering (oppdeling) av marknaden og val av målgrupper
  • bruk av konkurransemiddel

Segmentering av marknaden og val av målgrupper

Marknadssegmentering vil seie å dele marknaden inn i ulike segment eller delar ut frå visse fellestrekk. Kvart segment består av mest mogleg like kundar, som utgjer ei kundegruppe. Kundegruppene er potensielle kundar, og blir kalla målgrupper. Bedrifta må velje ut attraktive og lønsame målgrupper som dei konsentrerer marknadsføringsinnsatsen mot.

Eit hotell vil til dømes ønskje å vende seg til ei bestemt målgruppe. Viss hotellet ligg avleies til på Vestlandet, kan målgruppa vere turistar som ønskjer flott natur og rolege omgivnader. Er hotellet derimot plassert i ein storby rett ved eit sportsstadion eller eit konsertlokale, så kan målgruppa vere publikum som kjem reisande til desse arrangementa.

Bruk av konkurransemiddel

Konkurransemidla kan samanfattast i fire eller fem p-ar. Den femte p-en er personale, men han blir ikkje alltid rekna som eit sjølvstendig konkurransemiddel.

Produkt

Produktet er dei varene og tenestene som bedrifta omset. For mange bedrifter er sjølve produktet det viktigaste konkurransemiddelet. Dette gjeld til dømes Apple som satsar mykje på produktutvikling og kvalitet for produkta sine.

Pris

Pris kan vere avgjerande for om produktet lykkast i marknaden eller ikkje. Mange bedrifter har pris som det viktigaste verkemiddelet sitt. Dette gjeld til dømes Europris som har ein såkalla lågprisprofil.

Plass (distribusjon)

Distribusjonsstrategi går ut på å velje korleis produkta skal tilbydast kundane. Produkta kan tilbydast via visse typar butikkar, i spesielle kjeder, på nett, via "home parties" eller liknande.

Enkelte bedrifter satsar på eksklusiv distribusjon, det vil seie berre distribusjon via utvalde kanalar. Dette gjeld til dømes hårpleieprodukta frå Renati som berre sel varene sine via frisørsalongar.

Påverknad (marknadskommunikasjon)

Marknadskommunikasjon er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei bedrift til ein mottakar. Føremålet med marknadskommunikasjon er å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemd, å informere om produkteigenskapar og å motivere til kjøp. Marknadskommunikasjon kan skje via ulike kommunikasjonskanalar, som internett og sosiale medium, TV, radio, aviser og tidsskrift.

Personale

Personalet blir i nokre samanhengar omtalt som den femte og siste p-en i rekkja av konkurransemiddel.

Rolla til personalet kan vere svært viktig for kjøpsopplevinga til kundane. Til dømes kan ein dyktig seljar med god produktkunnskap i mange tilfelle vere avgjerande for om kunden handlar noko. Ei god kjøpsoppleving vil òg kunne føre til auka sannsyn for gjenkjøp, som igjen kan leggje grunnlaget for langsiktige og lønsame kundeforhold.

Marknadsmiks

Måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på, blir kalla marknadsmiks. For at marknadsmiksen skal fungere godt, må vi tenkje heilskap, og vi må bruke konkurransemidla på ein måte som gjer at dei støttar opp om den valde marknadsstrategien.

Har bedrifta valt høg pris, som for Rolex-klokker, vil produktet og personalet vere viktige konkurransemiddel. Produktet må knytast til kvalitet, og personalet må ha god produktkunnskap og yte god service. Distribusjon og marknadskommunikasjonen må òg tilpassast ei målgruppe med høg betalingsvilje.

Bedrifter som vel ein lågprisstrategi, som Europris, må velje ein miks av konkurransemiddel som passar til denne strategien. Bedrifta kan ikkje ha ein lågprisprofil og samtidig ha utsalsstader som oser av luksus. Tvert imot vil dei ha enkle, funksjonelle lokale som kan driftast kostnadseffektivt. Ei lågpriskjede annonserer ikkje i blad der målgruppa er oppteken av eksklusive produkt, men bruker heller marknadsføringsbudsjettet sitt på å sende ut eigne såkalla annonseblad.

Marknadsmiksen

Marknadsmiksen vil seie samansetninga og bruken av konkurransemidla produkt, pris, plass (distribusjon), påverknad (marknadskommunikasjon) og personale.

CC BY-SASkrive av Mette Holan og Oddvar Torgersen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 22.02.2023

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer