Hopp til innhald

Fagstoff

Konkurransemidla – marknadsmiks

Kva er konkurransemiddel og marknadsmiks, og korleis kan verksemder kombinere bruk av konkurransemiddel?

Konkurransemiddel

Konkurransemidla er viktige i marknadsføring. Konkurransemiddel er strategiske verkemiddel som verksemder bruker for å posisjonere seg i marknaden.

Måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på, blir kalla marknadsmiks. For at marknadsmiksen skal fungere godt, må vi tenkje heilskap, og vi må bruke konkurransemidla på ein måte som gjer at dei støttar opp om den valde .

Vi deler konkurransemidla inn i

  • produkt

  • distribusjon

  • pris

  • marknadskommunikasjon

Personalet blir i nokre samanhengar òg karakteriserte som eit eige konkurransemiddel.

Produkt

Produktet blir ofte sett på som det viktigaste konkurransemiddelet. Utan eit produkt har vi heilt enkelt ikkje noko å marknadsføre. Produkt kan vere alt frå konkrete varer til immaterielle tenester og idear. Det produkt har til felles, er at dei skal dekkje eit behov.

Produktutvikling, merkevarebygging, service som ein del av produktleveransen, bruk av emballasje og merkeelement er òg ein del av konkurransemiddelet "produkt".

Distribusjon

Val av distribusjonsform er eit verkemiddel for å posisjonere seg i marknaden og for å lykkast med sal av produkt.

Distribusjon er alt som skjer med eit produkt frå det er ferdig produsert til det er tilgjengeleg og har nådd ut til sluttbrukaren. Distribusjonen kan anten gå direkte frå produsenten til kunden, eller han kan gå gjennom eitt eller fleire mellomledd på vegen til kunden.

Alle verksemder er avhengige av å få levert produkt på rett stad og til rett tid. Val knytte til distribusjon kan derfor vere avgjerande for om ei verksemd vil lykkast. Tilgjengelegheit er nøkkelordet innan distribusjon.

Pris

Det er enkelt å ta i bruk pris som eit konkurransemiddel. Endring i pris kan gi raske resultat. Ein lågare pris kan gi auka etterspurnad. Men det er enkelt å kopiere pris, og dette kan bidra til såkalla priskrig. Det kan vere vanskeleg å vite kva pris som skal setjast, då ein feil prissetting kan gå utover inntekt og forteneste.

Prisen kan påverke omdømmet til både produktet og verksemda. Ofte assosierer vi høg pris med god kvalitet og eksklusivitet, mens låg pris ofte kan ha motsett effekt.

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.

Marknadskommunikasjon kan skje via ulike kommunikasjonskanalar, som internett, sosiale medium, TV, radio, aviser og tidsskrift. Marknadskommunikasjon gjennom sosiale medium har blitt ein svært viktig del av marknadsføring.

Ein "cinemagraph" av to hender og ein mobil. Den høgre tommelen skrollar på mobilen. Berre mobilskjermen har fargar, resten er i svart-kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personale

Personalet blir, som nemnt, karakterisert som eit eige konkurransemiddel i nokre samanhengar. Personalet i ei verksemd representerer ein viktig verdi. For ei verksemd er det viktig at personalet har god produktkunnskap, serviceinnstilling og engasjement.

Konkurransemidla og prinsipp i marknadsføring

I filmen nedanfor forklarer Nina Vogt, frå Handelshøyskolen BI, nokre prinsipp innanfor marknadsføring, mellom anna konkurransemidla.

Relatert innhald

Distribusjon handlar om å gjere produkt tilgjengelege. Konkurransemiddelet distribusjon blir omtalt i nokre samanhengar òg som «p for plass».

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer