Oppgåver til podkast om målgrupper og digital dataanalyse
Lytt til podkastepisoden der Sindre Beyer, leier
i kommunikasjonshuset Try Råd, blir intervjua. Jobb med oppgåver om korleis ny teknologi kan brukast til å finne fram til og nå ut til rett målgruppe.
Oppgåver til podkasten
- Sindre Beyer er leiar i Try Råd, som er eit av Noregs største kommunikasjonshus. Jobben til Sindre dreier seg mellom anna om å hjelpe norske bedrifter med å nå ut med bodskapen sin til marknaden. Vidare hjelper Try Råd til med å nytte ny teknologi for å finne fram til akkurat rett målgruppe. Korleis går dei fram for å finne dei menneska dei vil treffe?
- I podkasten nemner programleiar Berit Boman eit døme der ei bedrift kjem til Try Råd for å få hjelp. Bedrifta vil lansere eit nytt klesmerke som ein type 18-åringar skal like, kanskje elske. Klesmerket skal vere til dei som bedrifta har definert som dei hippeste 18-åringane. Kva seier Sindre om korleis han ville ha gått fram for å nå ut til denne målgruppa?
- Kva blir meint med spegelpublikum / «lookalike audience»?
- Bedrifter kan få tak i mykje informasjon om oss forbrukarar. Korleis kan dei utnytte dette?
- Vi legg igjen mange spor på nett i form av informasjonskapslar/«cookies». Kva blir meint med det?
- Kvifor kan det vere utfordrande at dei som vil selje noko til oss, veit så mykje om oss?
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021