Kva ligg i omgrepet konkurransefortrinn, og kva er det som gjer Noreg unikt som reisemål?
Oppgåve 1
- Drøft kva de forstår med konkurransefortrinn generelt og i reiselivet spesielt. Grunngi svara.
Hjelpespørsmål:
- Er det viktig å vere unik, best, størst, eller held det å vere god?
Oppgåve 2
Diskuter og grunngi:
- Korleis kan Noreg verke forlokkande på tyskarar, kinesarar, japanarar, russarar, britar og amerikanarar?
- Kva for nokre nasjonale konkurransefortrinn har norsk reiseliv i internasjonale marknader?
- Treng eit reisemål å ha unike kvalitetar for å tiltrekkje seg turistar?
- Kva er eigentleg unikt med Noreg som turistland?
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018