Øv på setningsadverbialet i leddsetningar
Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".
Oppgåve 1. Kva setning er rett?
Trykk på setninga der setningsadverbialet står på rett plass i leddsetninga.
Oppgåve 2. Fullfør leddsetninga
Fullfør setningane ved å setje dei øvste orda i rett rekkefølge.
Oppgåve 3. Lag leddsetningar saman
Sit i par. I tabellen under ser de subjunksjonar til venstre og setningsadverbial til høgre. Lag fem ulike setningar som inneheld ei leddsetning med eit setningsadverbial.
Byt setningar med eit anna par. Diskuter om de har klart å skrive setningane rett. Spør læraren dykkar om de er i tvil.
Subjunksjonar | Setningsadverbial |
---|---|
dersom viss fordi at om sjølv om etter at når då | ikkje aldri alltid sjeldan gjerne framleis sjeldan ofte sikkert snart |
Oppgåve 4. Samanlikn med førstespråket ditt
Set om desse tre setningane til førstespråket ditt. Lag så ei forklaring der du samanliknar korleis norsk og førstespråket ditt lagar leddsetningar med setningsadverbial.
Dersom du ikkje kjem, vil ikkje eg heller gå.
Eg veit at han er veldig flink.
Vi svømmer når vatnet ikkje er kaldt.