Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn setningsadverbialet

I desse oppgåvene skal du leite etter setningsadverbial. Dessutan skal du lage ei gloseliste over dei vanlegaste norske setningsadverbiala.
Jente som spring fort, og mann som går sakte. Illustrasjon.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Oppgåve 1

Del A: Finn setningsadverbialet

Sit i par. Finn setningsadverbialet i setningane på dei seks korta. De kan få hjelp om de trykker på knappen til høgre på kortet. Snu kortet når de trur de har funne rett svar.

Del B: Lag regel om setningsadverbial

Dette er setningane de las i del A. Studer setningane og prøv å lage ein regel om kvar setningsadverbialet skal stå i på norsk.

  • Han er ikkje (SA) redd for menneske.

  • Dei trener ofte (SA).

  • Ho alltid (SA) til prøver. (NB: "Å grue seg" er eit refleksivt verb. Pronomenet "seg" må alltid stå saman med verbet.)

  • Han legg sjeldan (SA) bort kameraet.

  • Ho er berre (SA) seks år.

  • Ho er sikkert (SA) veldig glad i foreldra sine.

Oppgåve 2. Lag ei gloseliste

Under ser du ti setningar med ulike setningsadverbial. Set om til førstespråket ditt og lag ei gloseliste i ei notatbok eller på pc-en din. Målet er at du skal forstå og hugse desse vanlege setningsadverbiala.

  • Eg er aldri (SA) sjuk.

  • Eg er alltid (SA) frisk.

  • Ho er ikkje (SA) glad.

  • Eg er sjeldan (SA) sur.

  • Vi er ofte (SA) på besøk hos bestemor

  • Han kjem dessverre (SA) for seint.

  • Vi kjem snart (SA).

  • Dei kjem gjerne (SA) på besøk.

  • Vi vann heldigvis (SA) kampen.

  • Han er framleis (SA) heime.

Gå vidare i læringsstien og lær om kvar setningsadverbialet skal stå i forteljande heilsetningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2023

Læringsressursar

Setningsadverbial