Setningsadverbial på norsk og førstespråket ditt
Les artikkelen "Setningsadverbial i heilsetningar"
Gå saman med ein annan elev i klassen og fortel att til kvarandre det de nettopp las. Var noko vanskeleg å forstå? Spør læraren om forklaring.
Omset artikkelen du nettopp har lese til førstespråket ditt, men gjer artikkelen om til ei forklaring på kvar setningsadverbialet skal stå på førstespråket ditt.
Du skal altså bruke dei same overskriftene og døma som i artikkelen du las, men omset dei til førstespråket ditt.
NB! Viss det blir for mykje for deg å omsetje heile artikkelen, kan du velje å berre omsetje delar av teksten. Hopp over det du meiner er mindre viktig.
Lag ei samanlikning av plasseringa av setningsadverbialet i norsk og førstespråket ditt. I artikkelen du las i oppgåve 1, blei det brukt fargar\mønster for å få fram forskjellar (visualisering). Gjer gjerne det same.
Gå saman med ein elev som ikkje har same førstespråket som deg. Forklar kvarandre kva likskapar og/eller forskjellar det er i plasseringa av setningsadverbialet på norsk og førstespråket dykkar. Bruk visualiseringa de laga i del 3 for å forklare.
Til slutt: Diskuter om førstespråka dykkar har nokre viktige likskapar/forskjellar i plasseringa av setningsadverbialet.