Hopp til innhald
Fagartikkel

Setningsadverbial når subjektet ikkje står først i setninga

Kvar skal du plassere setningsadverbialet i forteljande heilsetningar som ikkje har subjektet først?

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Setningsledd
Setningsledd er dei ulike delane i ei setning. Subjekt, verbal og objekt er tre ulike setningsledd. I setninga "Per og Nina ser ein gut" er "Per og Nina" subjekt, "ser" er verbal, og "ein gut" er direkte objekt.
Subjekt
Subjektet er setningsleddet som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.
Forteljande heilsetningar
Forteljande heilsetningar er dei vanlegaste setningane. Desse kan stå åleine (til forskjell frå leddsetningar), og vi bruker dei for å fortelje noko: "Anna et" og "Eg må sove".
V2-regelen
V2-regelen seier at verbalet alltid skal på andreplass i forteljande heilsetningar: "Vi kjem på måndag" og "På måndag kjem vi". I begge setningane er verbalet "kjem" på andreplass.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Setningsadverbial når subjektet ikkje er først

I setningar der ikkje står først, er reglane for annleis enn i setningar med subjektet først. Det er på grunn av V2-regelen.

V2-regelen

På norsk har vi V2-regelen. Denne regelen seier at i alltid stå på andreplass. Derfor byter subjektet plass når eit anna ledd enn subjektet står først i setninga:

  • Eg drar no. (Subjektet "Eg" står først.)

  • No drar eg. (Adverbialet "No" står først.)

Når subjektet ikkje står først i setninga, skal setningsadverbialet stå etter subjektet.

  • I setninga "I dag kjem eg ikkje" er "eg" subjekt og "ikkje" setningsadverbial.

  • I setninga "No et ho berre ein bolle" er "ho" subjekt og "berre" setningsadverbial.

  • I setninga "På måndag kjem vi sjølvsagt i bursdagen din" er "vi" subjekt og "sjølvsagt" setningsadverbial.

Visuell forklaring

Vi kan vise ordstillinga i dei to setningstypane ved å bruke boksar og fargar. Det kan hjelpe deg til å hugse på korleis setningsadverbialet byter plass:

Prøv å hugse denne ordstillinga, for i neste steg i læringsstien skal du øve deg på å bruke setningsadverbial i setningar med og utan subjektet først.

Relatert innhald