Setningsadverbial i spørjesetningar
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Setningsledd
- Setningsledd er dei ulike delane i ei setning. "Subjekt", "verbal" og "objekt" er tre ulike setningsledd. I setninga "Per og Nina ser ein gut" er "Per og Nina" subjekt, "ser" er verbal, og "ein gut" er direkte objekt.
- Subjekt
- Subjektet er setningsleddet som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
- Verbal
- Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.
- Spørjesetning
- Ei spørjesetning er ei setning som har som mål å få svar på noko. Spørjesetningar blir avslutta med eit spørsmålsteikn. "Kva heiter du?" er eit døme på ei spørjesetning.
Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".
Vi har to typar spørjesetningar på norsk:
1. Spørjesetningar med spørjeord først
Den første typen spørjesetning er setningar med spørjeord først. Setningsadverbialet har forkortinga "(SA)" etter seg. Legg merke til kvar det står i forhold til subjektet (S) og verbalet (V) i setninga:
Kvifor drar (V) du (S) ikkje (SA) på ferie?
Kvifor blir (V) han (S) aldri (SA) med?
Kvifor reiser (V) du (S) ikkje (SA) no?
Det vanlegaste i spørjesetningar med spørjeord først er altså at setningsadverbialet står etter subjektet. Legg merke til at verbalet skal på andreplass, altså etter spørjeordet.
Diskuter
Har de ulike spørjeord på førstespråka dykkar?
Om de har spørjeord i spørjesetningar: Kvar skal setningsadverbialet stå i slike setningar?
2. Spørjesetningar med verbal først
På norsk kan du òg lage spørjesetningar utan spørjeord. Då set du verbalet først i setninga.
Skal (V) du (S) også (SA) sove no?
Har (V) de (S) aldri (SA) med dykk pengar?
Reiser (V) du (S) ikkje (SA) no?
Som du ser, skal setningsadverbialet stå etter subjektet både når du lagar spørjesetningar med spørjeord først, og når du har verbalet først.
Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapane dine om setningsadverbial i spørjesetningar.
Relatert innhald
Øv deg på å setje setningsadverbialet på rett plass i spørjesetningar på norsk.
Forstå plassering av setningsadverbialet på norsk ved å samanlikne med morsmålet ditt.