Øv på setningar med setningsadverbial
Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".
Oppgåve 1. Same setning på to måtar
Jobb i par. No skal de bruke orda og setningane under til å lage ti setningar. Øvst står eit setningsadverbial med to setningar under. De skal setje setningsadverbialet inn på rett plass i dei to setningane. (Det er eit døme nedst i oppgåva om de treng hjelp. Her ligg det òg ein fasit.)
- Ikkje
Eg kjem no.
No kjem eg.
- Alltid
Vi søv lenge om morgonen.
Om morgonen søv vi lenge.
- Sjeldan
Han besøker vennen etter skulen.
Etter skulen besøker han vennen.
- Aldri
Vi les bøker heime.
Heime les vi bøker.
- Sjølvsagt
Eg kjem i bursdagen din neste veke.
Neste veke kjem eg i bursdagen din.
Eit døme
- Ofte
Han trener om sommaren.
Om sommaren trener han.
Her skal de skrive to setningar slik:
Han trener (V) ofte (SA) om sommaren.
Om sommaren trener (V) han ofte (SA).
Legg merke til plasseringa av verbalet (V) og setningsadverbialet (SA) i dei to setningane. Når eit anna ledd enn subjektet står først, skal setningsadverbialet stå etter subjektet.
Fasit
- Ikkje
Eg kjem (V) ikkje (SA) no.
No kjem (V) eg ikkje (SA).
- Alltid
Vi søv (V) alltid (SA) lenge om morgonen.
Om morgonen søv (V) vi alltid (SA) lenge.
- Sjeldan
Han besøker (V) sjeldan (SA) vennen etter skulen.
Etter skulen besøker (V) han sjeldan (SA) vennen.
- Aldri
Vi les (V) aldri (SA) bøker heime.
Heime les (V) vi aldri (SA) bøker.
- Sjølvsagt
Eg kjem (V) sjølvsagt (SA) i bursdagen din neste veke.
Neste veke kjem (V) eg sjølvsagt (SA) i bursdagen din.
Oppgåve 2. Samanlikn med førstespråket ditt
Set om setningane under til førstespråket ditt.
Eg søv ikkje (SA) no.
No søv eg ikkje (SA).
Han speler alltid (SA) fotball heime.
Heime speler han alltid (SA) fotball.
Lag ein regel for plassering av setningsadverbial der du samanliknar førstespråket ditt med norsk. Du kan bruke ei eller fleire av setningane under når du lagar regelen:
På norsk skal setningsadverbialet stå ... når subjektet står først.
På førstespråket mitt står setningsadverbialet ...
Ordstillinga endrar seg i norsk når ikkje subjektet står først. Då skal nemleg ...
På førstespråket mitt er det slik at ...
Oppgåve 3. To verb
Lag setningar med setningsadverbial og to verb.
Den øvste setninga har subjektet først. Du skal fullføre setninga under, der subjektet ikkje skal stå først.
Hugs at setningsadverbialet skal stå etter subjektet!
I neste steg i læringsstien kan du lære meir om å lage spørjesetningar med setningsadverbial.