Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Setningsadverbial

Kvar skal setningsadverbialet stå?

I desse oppgåvene skal du øve deg på å setje setningsadverbialet på rett plass i enkle forteljande heilsetningar på norsk.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Oppgåve 1. Kva setning er rett?

Gjer gjerne denne oppgåva i par. Les setningane nøye og diskuter kva for ei av dei som er rett. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter verbalet på norsk.

Oppgåve 2. Set orda i rett rekkefølge

Jobb gjerne i par. Set orda som høyrer til biletet, i rett rekkefølge. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter verbalet.

NB: Subjektet skal stå først i alle setningane.

Oppgåve 3. Setningar med to verb

Fullfør setningane. Du skal skrive inn orda som står i parentes, i rett rekkefølge.

Oppgåve 4. Lag setningar sjølv

  1. Lag fem setningar sjølv. Dei skal vere enkle heilsetningar, og dei skal innehalde eit setningsadverbial.

  2. Gå saman i par og les setningane høgt for kvarandre. Diskuter om de har klart å setje setningsadverbialet på rett plass. Spør ein lærar om de er i tvil.

Gå vidare i læringsstien for å lære kvar du skal setje setningsadverbialet når subjektet ikkje står først i setninga.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2023