Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nivå 3: Lag heilsetningar med setningsadverbial med lappemetoden

I denne oppgåva skal de bruke lappemetoden til å lage setningar med setningsadverbial.
Setning med subjekt, verbal, setningsadverbial, objekt og adverbial. Eksempelsetningar: "Eg kjøper ikkje boka no" og "No kjøper eg ikkje boka". Illustrasjon.

Til læraren

Dette er nivå 3 av lappemetoden. For å finne fleire oppgåver og tips kan du gå til artikkelen "Lær elevane syntaks med lappemetoden".

La gjerne elevane jobbe med fagartiklane "Setningsadverbial i heilsetningar" og "Setningsadverbial når subjektet ikkje står først i setninga" saman med desse ressursane.

Del 1: Lag setningar med subjektet først

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Lag fem setningar med subjektet først i setninga.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

Filer

Del 2: Lag setningar med adverbialet først

Hald fram med å jobbe i par og bruke lappane frå del 1.

  1. Lag fire setningar med adverbialet først i setninga.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

Del 3: Lag eigne lappar

Til læraren

Oppgåve A ber elevane skrive inn døme på ulike setningsledd på lappane. Dette er ei god anledning til å gå gjennom kva for ordklassar som pleier å vere subjekt/objekt, og kva for nokre som pleier å vere verbal og adverbial.

Det kan vere lurt å lage ei liste over ulike setningsadverbial før elevane lagar lappane. Du kan finne døme i artikkelen "Kva er eit setningsadverbial?"

Skriv ut vedlegget under. Jobb i grupper.

  1. Skriv inn eigne ord på lappane. På dei blå lappane skal det vere eit subjekt. Då må du bruke eit substantiv eller eit personleg pronomen (han, ho, vi...). På dei oransje lappane skal det vere eit verb (hoppe, kjøpe, selje...), på dei lilla eit setningsadverbial (sjølvsagt, ikkje, faktisk, aldri, alltid...), på dei fiolette eit direkte objekt og på dei grøne eit setningsadverbial.

  2. Byt lappar med ei anna gruppe. Klarer de å lage setningar?

  3. Set dykk saman med gruppa de bytte med og diskuter om setningane de har laga, er riktige.

Filer

Del 4: Lag setningar med to verbal

Setning med subjekt, to verb, setningsadverbial, objekt og adverbial. Eksempelsetningar: "Eg skal ikkje kjøpe boka no" og "No skal eg ikkje kjøpe boka". Illustrasjon.

Sit i par. Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda.

  1. Lag fire setningar med to verbal og eit setningsadverbial.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

  3. Bruk dei same lappane til å lage tre setningar med tidsadverbialet først.

  4. Ein frå kvar gruppe skriv ein av setningane sine på tavla. Diskuter i klassen om setningsledda står på riktig plass.

Filer

Del 5: Lag eigne lappar

  1. Skriv ut fila under, klipp ut og skriv på eigne setningsledd.

  2. Byt med ei annen gruppe og prøv å lage fire setningar av lappane dykkar.

  3. Set dykk saman og samanlikn setningane de har laga. Spør læraren viss de er i tvil om dei er riktige.

Filer

Del 6: Gjer om til futurum

Setningane under står i . Gjer dei om til ved å bruke hjelpeverbet "å skulle".

Eit døme:

  • Han kjøpte ikkje gåva på butikken.

  • Han skal ikkje kjøpe gåva på butikken.

Setningar:

  • Vi henta faktisk hunden i Trondheim.

  • Ho måla ikkje huset.

  • Barna spelte sjølvsagt fotball heile dagen.

  • Anna leste ikkje boka heime.

  • Eg vatna alltid plantene i stova.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2024

Læringsressursar

Lappemetoden