Nivå 1: Lag enkle heilsetningar med lappemetoden
Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.
Filer
- Lappemetoden nivå 1(DOCX)
Lag fire setningar med subjektet først i setninga.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.
Skriv sjølv: Lag to setningar med subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial på eit ark eller på pc-en. Subjektet skal først.
Bruk dei same lappane som i førre oppgåve.
Lag fire setningar med adverbialet først i setninga.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.
Gjer om på dei to setningane de nettopp laga. No skal adverbialet først.
Skriv ut dei tomme lappane i vedlegget og klipp ut setningsledda. Sit i par.
Filer
Skriv inn setningsledd på lappane. På den blå subjektslappen må det stå eit substantiv (hunden, guten, mannen...) eller eit pronomen (eg, vi...). På den oransje lappen må det stå eit verb som kan ta objekt (gir, drikk, lagar, liker...) og så vidare.
Byt lappar med ei anna gruppe. Klarer de å setje lappane saman til riktige setningar?
Set dykk saman med gruppa de bytte lappar med, og samanlikn setningane de har laga.
Skriv ei kort historie om kva du gjorde i går. Prøv å lage enkle setningar med subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial. Målet er at du skal
binde saman setningane med ord som "først", "etterpå", "så" og "til slutt"
plassere setningsledda subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial på riktig sted
Sjå på dømet under:
Først drog eg til byen. Så gjekk eg på kafé. Etterpå besøkte eg ein venn. Til slutt drog eg heim.
Relatert innhald
Lær elevane å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.