Fagartikkel
Om filmen "Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha"
I filmen møter vi ungdommar som lever i ei verd der den globale oppvarminga har auka med to grader, og vi får sjå kva konsekvensar dette har fått.
Faktagrunnlaget i filmen er henta frå rapporten En framtid du ikke vil ha der Thomas Cottis har samla forskingsresultat om klimaendringar.
Til filmen er det utarbeidd bakgrunnsmateriale med faktafilmar, meir informasjon om filmen og forklaringar til det filmen handlar om. Filmen og bakgrunnsmaterialet er produsert av Leidar i samarbeid med Thomas Cottis.
Forskningsrådet har finansiert Fuck Fossils-prosjektet for å bidra til å spreie innhaldet i rapporten En framtid du ikke vil ha. Filmen er kvalitetssikra av Steffen Kallbekken i CICERO Senter for klimaforskning.