Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Nedbemanning

Nedbemanning er ein kortfilm frå regissør og manusforfattar Kristian Landmark. Handlinga skjer i ei tid der alle som ønskjer å få eigne barn, må få godkjenning frå ei offentleg nemnd.

Om filmen

Det unge paret Olav og Maria lever i ei tenkt nær verkelegheit der det internasjonale samfunnet har vorte einige om at talet på menneske må reduserast. Alle som ønskjer å bli biologiske foreldre, må søkje ei offentleg nemnd om å få lov til å få barn. Til si store overrasking får Olav og Maria avslag på søknaden sin. Avgjerda er endeleg, og det er ingenting dei kan gjere. Dei er likevel ikkje klare til å gi opp den store draumen sin.

Oppgåver til diskusjon

a) Kva er berekraftig utvikling?

b) Nedbemanning viser ei tenkt framtid i Noreg. Er ho reell?

c) Kvifor ein vil ha barn, er eit sentralt spørsmål i filmen.

  • Kva er gode grunnar til å få barn i dag?
  • Kva er gode grunnar til ikkje å få barn?
  • Er det ein menneskerett å få barn i dag?

d) Paret seier i starten av filmen at dei har full forståing for at heile verda må bidra for å oppnå berekraftig utvikling, likevel nektar dei å godta avgjerda som er teken. Kva bør vege tyngst, retten til individet kontra det beste for fellesskapet?

e) Paret i filmen tek ei overraskande avgjerd mot slutten av filmen. Kvifor gjer dei dette, trur du?

f) Sjå for deg at denne lova blir innført for din generasjon, at for eksempel alle fødde etter år 2000 må søkje ei nemnd for å få barn. Del gjerne klassen inn i to grupper som skal diskutere fordelar og ulemper med ei slik lov i Noreg.

g) Ta for deg det politiske landskapet i Noreg i dag. Kvar ville dei politiske partia stått i denne tenkte diskusjonen, trur du?

h) Kina har sidan 1970-talet og fram til 2016 hatt ein streng eittbarnspolitikk.

  • Kvifor vart denne politikken innført?
  • Korleis har dette verka?
  • Kvifor vart loven avvikla i desember 2015?
CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.06.2017

Læringsressursar

Fuck fossils – ei framtid du ikkje vil ha