Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter filmen Fuck fossils

Diskuter innhaldet i filmen og få fram ulike meiningar. Her er fleire forslag til debattoppgåver, samt påstandar som du kan ta stilling til.
Mor, barn og tenåring ved et bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva konkrete teikn på klimaendringar blir presenterte i filmen?
  2. Finn eksempel frå filmen på at kvardagen til folk vil ha forandra seg i 2050 samanlikna med i dag.
  3. «FNs klima-kommando» eksisterer ikkje i verkelegheita. Kva trur de «FNs klima-kommando» jobbar med? Kvifor har dei brukt ordet «kommando», trur de?
  4. Kva blir det hinta om at «Fuck Fossils» er, i filmen?
  5. I filmen blir 2-graders-målet nemnt. Finn ut kva dette tyder, og kva som er bakgrunnen for dette målet.
  6. Diskuter påstandane:
    1. Filmen overdriv konsekvensane av global oppvarming for å få folk til å skjønne alvoret og dermed gjere noko med problemet.
    2. I Noreg vil det sannsynlegvis bli varmare med auka drivhuseffekt. Dette vil vere positivt for landbruket og vege opp for dei negative konsekvensane.
    3. Sjølv om klimaendringar vil føre til problem, vil vi alltid klare å finne tekniske løysingar på problema.
    4. Global oppvarming er eit problem som må løysast ved at alle landa i verda samarbeider. Det er lite vi som enkeltindivid kan bidra med.
    5. Det er viktig å bruke personar som ungdom kan identifisere seg med, for å få engasjement rundt problemet med global oppvarming.
  7. Merkar vi konsekvensar av klimaendringar i Noreg allereie i dag, og kva kan vi vente oss om gjennomsnittstemperaturen stig med to grader?
  8. Ordtaket «Det beste er det gode sin verste fiende» (Voltaire) kan tyde at ei løysing ikkje bør vrakast sjølv om ho ikkje er perfekt. Om vi ikkje hadde sett i gang tiltak, fordi dei ikkje var perfekte, så ville vi sannsynlegvis ikkje ha komme noko vidare. Finn eksempel på tiltak mot auka drivhuseffekt som passar til dette ordtaket.
Ei kvinne sit vend mot eit stort instrumentpanel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2017

Læringsressursar

Fuck fossils – ei framtid du ikkje vil ha