Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Klimablogg 2050

Du lever i 2050 i ei verd der ein har klart å setje i gang ei rekkje effektive tiltak for å minke den globale oppvarminga. Dette er gode nyheiter som du berre må få delt med resten av verda på klimabloggen din!
Flere bloggere. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Ta utgangspunkt i brevet på s. 75 i rapporten "En framtid du ikke vil ha". Du kan laste ned fila under. Som den samfunnsengasjerte bloggaren Sofie Lisa skal du lage eit blogginnlegg der du skriv ein ny og langt meir optimistisk versjon av brevet frå framtida. Du skal fortelje om kva tiltak som har vorte sette i gang for å minke den globale oppvarminga.

Filer

Tidsbruk

2 timer

Set i gang!

Finn ut kva tiltak som kan vere aktuelle for å motarbeide auka drivhuseffekt. Skriv tiltaka inn i ein ny versjon av brevet.

Få med korleis tiltaka har påverka liva til folk, og korleis kvardagen fortonar seg. I god blogg-tradisjon kan du presentere nokre produkt frå dei som sponsar bloggen din. Dette er sjølvsagt produkt av det klimavennlege slaget.

Produkt

Tekst, bilete og/eller video presentert i bloggform. Om du vil, kan bloggen publiserast eller postast i sosiale medium.

Vegen vidare

Om de har jobba med andre oppgåver knytte til «Fuck Fossils», kan de samle det de har laga, til eit felles produkt. Kanskje klassen sin «Klimablogg» kan publiserast på heimesida til skulen?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2017

Læringsressursar

Fuck fossils – ei framtid du ikkje vil ha