Ekstremvêrmeldar for ein dag
Du jobbar for vêrkanalen «Stiv kuling» og skal lage ei vêrmelding for 16. august 2051. Verda har i lita grad klart å forhindre den globale oppvarminga, og middeltemperaturen i verda har derfor auka med fire grader sidan 2017. Du kan bruke rapporten En framtid du ikke vil ha for å sjå eksempel på korleis vêret kan komme til å bli då. Utan å avsløre for mykje er det fare for at det blir meir enn «litt bris utover dagen og tiltjukning til regn» ...
Tidsbruk og organisering
2–3 timar (berekn meir tid dersom de ikkje er så vande med å jobbe med dei digitale verktøya). Oppgåva eignar seg godt til samarbeid.
Set deg inn i saka / gjer
research
– 30 minutt.
Kva meiner vi med ekstremvêr? Kva for konsekvensar kan ekstremvêr ha i Noreg eller i verda? Kva er sannsynleg vêr i 2051? Kva må folk som bur i område som er utsette for orkan, gjere? Kva for konsekvensar har ekstremvêr for avlingar og produksjon av mat?- Produksjon – 2 timar
Lag digitale vêrkart. Finn kart og bilete ved å søkje på Internett. Pass på at du har lov til å bruke dei bileta/animasjonane du finn.
Bruk vêrkartet til å lage ei vêrmelding. Legg vekt på å få med konsekvensar av det vêret du melder. Få fram regionale forskjellar i Noreg eller i verda. Kva må folk passe på? Kva for forholdsreglar må folk ta? Tilfluktsrom? Spikre att vindauge?
TIPS!
Dersom du vil lage eit vêrkart som «lever», kan du for eksempel bruke animasjonsverktøyet i PowerPoint eller andre presentasjonsverktøy. Når du skal spele inn ei vêrmelding, kan du bruke skjerminnspillingsfunksjon i PowerPoint, Screencast-O-Matic eller andre program. Du kan også få nokon til å filme deg når du står ved sida av vêrkartet ditt, og kartet er vist på eit lerret eller på ein skjerm.
Produktet skal bestå av film eller bilete som er sette saman til ein biletserie med kommentarar. Med animasjonsverktøy kan du lage ei vêrmelding der symbola beveger seg. Dette kan takast opp med ein skjermopptakar eller mobiltelefon og lagrast som ei videofil.
Vis vêrmeldingane for kvarandre i klassen. Del gjerne filmane på sosiale medium, skulen si heimeside og info-skjerm for å skape merksemd. Vêrmeldinga kan inngå i klassen si Klimasending eller i Klimabloggen.
Verktøy og ressursar du kan få bruk for i denne aktiviteten
- Lag grafikk ved hjelp av rekneark eller på nett: Infogr.am
- Gjer opptak av skjermen: Screencast-o-matic
- Rediger video med Windows-appen Bilder (Video editor)
- Rapporten En framtid du ikke vil ha