Biodiesel – bløff eller berekraft?
Biodiesel har blitt lansert som ein del av løysinga på klimakrisa. Ved å lage diesel av planteoljer, bidreg ein berre til CO2-utslipp som går inn som ein del av det naturlege karbon-kretsløpet, blir det hevda. Men er dette heile sanninga? Bruk evnene dine som kritisk og gravande journalist til å sette søkelyset på biodiesel. Er det ein bløff, eller det verkeleg ein bærekraftig energiberar?
Du jobbar som journalist i den litt tabloide nyheitsredaksjonen hos Nyheitskanalen. På morgonmøtet får du i oppdrag å lage eit innslag om biodiesel til sendinga same kveld. Arbeidstittelen er "Biodiesel– bløff eller berekraft?".
Lag eit TV-innslag på omtrent to minutt der du får fram både fordelar og ulemper ved bruk av biodiesel. Film med mobiltelefonen. For å få fram ulike sider ved saken, kan det vere en idé å la pinnedokker spele ulike roller. Still kritiske spørsmål for å belyse saken. For å få passande miljø, skriv ut bilete og bruk desse som bakgrunn.
Forslag til persongalleri:
- jordbrukar frå for eksempel Brasil
- kommunikasjonsansvarleg for drivstoffkjede
- småbarnsforelder som køyrer dieselbil
- forskar
- skogbrukar i Norge
- astmatikar som bur i by
- politikar
Skriv ut biletet, lim på kartong, klipp ut og fest grillspyd til personane med teip.