Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Drivne på flukt av klimaet

Dette oppdraget går ut på at du som journalist skal lage ein kort filmreportasje om klimaflyktningar på flukt i notida eller i framtida. I Noreg kjenner vi til at familiar har mista alt dei eig på grunn av ras og flom, mens tørke fører til at husdyr døyr og avlingar slår feil i andre delar av verda.
To menn forsøker å få tilbake varmen kledd i folier delt ut av frivillige.  Nå ser de to nye gummibåter med flyktninger ankomme øya. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn – klimaflyktningar

Menneske som må forlate heimane sine på grunn av hendingar forårsaka av klimaendringar blir kalla klimaflyktningar. Det kan for eksempel vere snakk om flom, ras, orkan eller tørke. Vanlegvis blir ein flyktning definert som ein som har flykta frå landet sitt og fryktar forfølging på grunn av rase, politisk oppfatning, religion eller tilhøyrsle til ei spesiell sosial gruppe. Menneske som flyktar på grunn av klimaendringar, har ikkje det samme kravet til vern som andre flyktningar, sjølv om dei kan ha eit like stort behov for hjelp.

Oppdrag

Du jobbar som journalist i Canal +2°. På morgonmøtet i nyheitsredaksjonen får du i oppdrag å lage eit innslag om klimaflyktningar til kveldssendinga. Året er 2017 eller 2050. Vel sjølv.

Lag eit TV-innslag på omtrent to minutt som inneheld noko av dette:

  • Fakta om klimaendringar og auka drivhuseffekt.
  • Klimaflyktningar – kva er det? Intervju med ein som er klimaflyktning.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret situasjon som har skjedd, eller som skjer no. Korleis er situasjonen rundt om i verda?
  • Lag ein kommentar frå ein representant frå norske myndigheiter. Representanten kjem med tiltak som regjeringa vil setje i gang.
  • Sjøllaga infografikk (diagram, kart, figur). Bruk digitale hjelpemiddel til å illustrere saka di.
  • Korleis ser framtidsutsiktene for klimaflyktningar ut?

Tidsbruk og organisering

5 timar. Oppdraget kan eigne seg for 2–3 elevar som jobbar saman.

Set i gang!

Set deg inn i saka / gjer research (1 time)

Finn ut kva ein meiner med «klimaflyktning». Finn eksempel frå ulike stader i verda der folk har måtta forlate heimane sine på grunn av hendingar forårsaka av klimaendringar.

Produksjon av materiale (2 timar)

Førebu intervju med ein klimaflyktning. Lag spørsmål som får fram kva som har skjedd, kva situasjonen er no, korleis liva deira endra seg, og kva dei tenkjer om framtida. Gjennomfør eit intervju. Lag bilete og grafikk til reportasjen din.

Redigering (2 timar)

Bruk eit filmredigeringprogram til å setje saman filmklipp, bilete og grafikk. Legg på kommentarstemme.

Produkt

Film som varer i omtrent to minutt.

Vegen vidare

Vis fram filmane i klassen, del dei i sosiale medium eller på skulen si heimeside. Kanskje skulen har info-skjermar i fellesareala der de også kan vise filmane? Set saman alle filmane til klassen si nyheitssending. Kanskje nokon kan vere programleiarar og lage overgangar mellom dei ulike innslaga?

Verktøy og ressursar du kan få bruk for i denne aktiviteten

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Kristin Bøhle og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2020

Læringsressursar

Fuck fossils – ei framtid du ikkje vil ha