Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Fuck fossils – ei framtid du ikkje vil ha

"Fuck fossils – ei framtid du ikkje vil ha" er ein fiksjonsfilm som handlar om korleis kvardagen til ein vanleg familie i Noreg vil kunne arte seg i år 2050. I filmen ser vi korleis klimaendringane påverkar livet til familien.

Set deg inn i situasjonen – undersøk moglege løysingar!

I dette opplegget skal de reise fram til år 2050 og forsøke å setje dykk inn i korleis situasjonen kan vere då. Problemstillingar de kan utforske, kan vere:

  • Korleis opplever menneske endringane som har skjedd?
  • Kva er årsaka til at dei har hamna i denne situasjonen?
  • Korleis kan dei løyse dei utfordringane som har oppstått?

De kan også lage eigne problemstillingar.

Slik kan de jobbe med denne casen

Etter å ha sett filmen kan det vere fint å diskutere det de har sett. I ressursen "Diskuter filmen Fuck fossils" finn de forslag til spørsmål de kan diskutere i klassen.

I lista under finner de ressursar som er henta frå fleire fag. De kan jobbe med ressursane enkeltvis eller setje saman fleire.

Ved å bruke kunnskap frå fleire fag kan de gå i djupna. Kanskje de ser samanhengar mellom ulike fag og klarer å løyse utfordringar de ikkje ante at de skulle klare!

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020