Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåve: Kor mange ting må vi ha?

Kor mange ting må vi eigentleg eige for å ha eit godt liv? No skal de sjå filmen "100 ting" og reflektere rundt dette spørsmålet etterpå.
Utsnitt frå filmen "100 ting". Foto

Del 1. Kor mange ting eig du?

I denne delen er det ikkje viktig å gjere nøyaktige utrekningar. Men prøv å tenke deg godt om slik at du kan gjere ei kvalifisert gjetting.

  1. Gjer eit overslag for deg sjølv: Kor mange ting eig du? Rekn med alt av klede og sko, bøker, elektronikk, treningsutstyr, sminke, utstyr til ulike hobbyar og så vidare.

  2. Kor mange ting trur du oldeforeldra dine eigde då dei var på din alder?

Del 2. Sjå filmen "100 ting" (100 Dinge)

Del 3. Refleksjon etter filmen

Gå saman i par eller i mindre grupper, og reflekter saman etter at de har sett filmen. De kan gjerne også samanfatte i fellesskap til slutt.

  1. Kva ti eigendelar er viktigast for deg?

  2. Blir du lykkelegare av å eige fleire ting?

  3. Kan du sjølv bli for oppteken av å kjøpe nye ting?

  4. Paul seier på slutten at Nana kanskje skal spørje om tinga vi kjøper, gir oss lykke, eller berre fyller opp heimane våre. Kva tenker de om dette?

Del 4. Kor mange ting har vi behov for å eige?

Nokre ting treng vi for å overleve. Men kor mange ting må vi eigentleg ha? Les denne artikkelen om Maslows behovspyramide, og reflekter saman i mindre grupper.

  1. Kor mange ting må vi ha for å få dekt dei grunnleggande behova våre slik at vi overlever?

  2. Er det nødvendig å eige fleire ting for å få dekt dei sosiale behova våre?

  3. Fører ønsket om aksept eller sjølvrealisering til at de kjøper fleire ting? Kvifor, eller kvifor ikkje?

Del 5. Kor mange ting kan vi eige i ei berekraftig framtid?

Alle ting vi produserer, kjøper og forbruker, fører til at vi bruker meir ressursar, som påverkar naturen og klimaet og fører til klimagassutslepp. Nordmenn har i dag eit forbruk som ikkje er berekraftig. Vi kjøper og eig for mange ting. Å innføre ein sirkulær økonomi, der vil kan bruke dei råstoffa vi hentar ut frå naturen, igjen og igjen, mange gonger, kan hjelpe oss i ei meir berekraftig retning. Men sannsynlegvis er det også nødvendig at vi eig færre ting.

Bruk nokre av kjeldene under, og reflekter over kor mange ting kan vi eige i ei berekraftig framtid. Kan kvar av oss eige like mange ting i år 2050 som det vi gjer i dag? Må vi eige færre ting, eller finst det løysingar som gjer at vi kan eige like mange eller fleire ting, og samtidig leve berekraftig? Kva trur de?

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Sirkulær økonomi