Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Sirkulær økonomi

CC BY-SA

I denne læringsstien skal du lære meir om sirkulær økonomi, kva det eigentleg er, og kva vi kan gjere for at samfunnet kan bli meir sirkulært. Du skal òg få prøve å gjere eit produkt meir sirkulært.

Når du har jobba med denne læringsstien, skal du kunne

  • ha kunnskap om kva sirkulær økonomi eigentleg er
  • forstå modellen avfallspyramiden, og korleis han kan brukast for å skape ein meir sirkulær økonomi
  • kunne forklare og diskutere korleis vi kan skape ein overgang til ein sirkulær økonomi
  • komme med idéar og diskutere korleis produkt kan bli meir sirkulære

Denne læringsstien er tverrfagleg og kan brukast i fleire ulike fag. Han kan òg brukast som del av eit større undervisningsopplegg om berekraftig utvikling. Sidan denne læringsstien er relativt kort, kan det vere ein god idé å bygge han ut med meir fagspesifikke ressursar for dei faga de ønsker å knyte til opplegget.