Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Avfallspyramiden

I denne oppgåva skal du bruke avfallspyramiden som verktøy for å gjere produkt meir sirkulære og berekraftige.
Søppeldeponi med søppel spreidd utover eit større område. Skog i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein sirkulær økonomi er målet at vi skal hente ut færrast mogleg ressursar frå naturen. Det betyr at vi må bruke dei ressursane vi allereie har henta ut, best mogleg og lengst mogleg. Avfallspyramiden – også kalla avfallshierarkiet – er eit nyttig verktøy for å få til dette. Målet er å halde avfallet vårt så høgt oppe i avfallspyramiden som mogleg. Då må vi ha avfallspyramiden i tankane allereie når vi designar eit produkt. Bla gjennom presentasjonen med dei ulike delane av avfallspyramiden under, og gjer oppgåvene etterpå.

Oppgåver

  1. Ta for deg eit valfritt produkt, men gjerne eit som ofte hamnar langt nede i avfallspyramiden. Kom med fem forslag til korleis vi kan få dette produktet lengst mogleg opp i avfallspyramiden når det til slutt endar som avfall.

  2. Ta for deg eit nytt valfritt produkt. Forklar kvifor prosessen med å designe produktet er så avgjerande for kvar i avfallspyramiden produktet hamnar når det blir avfall.

  3. Undersøk anten selskapet Fairphone, Fjong eller Northern Playground. Kva er fokuset til dette selskapet knytt til avfallspyramiden? Kva tiltak er det selskapet gjennomfører, som er knytt til avfallspyramiden og berekraft?

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Sirkulær økonomi