Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gjer eit produkt meir sirkulært

Klarer du å komme med forslag som kan gjere eit produkt du møter kvar dag, litt meir sirkulært?
Ein designar jobbar i eit teikneprogram på pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal du prøve å forbetre eit produkt ved å gjere det meir sirkulært og berekraftig.

  • Ta for deg eit produkt du møter dagleg, eller eit av produkta som du finn på bileta under.

  • Tenk på korleis konseptet for dette produktet er i dag, og korleis det er designa.

  • Lag ei forbetring av produktet som gjer det meir sirkulært og berekraftig.

  • Lag ein illustrasjon som viser forbetringa di av produktet. Det kan vere ei eiga teikning, ei teikning på eit bilete av det originale produktet eller ei anna form for illustrasjon. Du kan sjølv velje om du vil lage dette digitalt eller på papir.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2022

Læringsressursar

Sirkulær økonomi