Utforsk utanforskap og marginalisering
Det finst mange ulike former for marginalisering og utanforskap. I denne oppgåva skal du velje ei form for marginalisering og utanforskap og gå i djupna på ho. Denne oppgåva kan både gjerast individuelt og i grupper.
Oppgåvebeskriving
Denne oppgåva består av fem ulike delar.
1. Vel ei form for marginalisering og utanforskap
Vel ei form for marginalisering eller utanforskap du er nysgjerrig på, og som gjerne vil vite meir om. Du finn fleire ulike forslag og kjeldetips nedst nede på sida. Dersom de jobbar i grupper, kan de eventuelt trekkje lodd slik at kvar gruppe dekkjer kvart sitt område.
2. Kartlegg omfanget
Når du har valt kva du vil fokusere på, må du kartleggje omfanget av den forma for marginalisering og utanforskap du har valt. Det kan vere kor mange som er ramma, alder, kjønn, bakgrunn og bustad. Jo meir du veit om omfanget, jo lettare kan det vere å finne årsaker og løysingar. I tekstboksane under og nedst nede på sida finn du forslag til relevante nettstader der du kan finne informasjon og statistikk.
Tips til relevante nettstader
Relevante stader der du kan finne relevant og kvalitetssikra informasjon og statistikk:
3. Finn årsaker
I denne delen av oppgåva skal du utforske årsakene til marginalisering og utanforskap. Ta utgangspunkt i den forma for marginalisering og utanforskap du har valt. Kva er dei viktigaste grunnane til at nokon fell utanfor på denne måten?
Dersom du til dømes har valt kriminalitet, kan du finne årsakene til at nokon blir kriminelle og beskrive kvifor dette leier til marginalisering og utanforskap. Dersom du har valt rusmisbruk, kan du finne årsakene til at somme blir rusmisbrukarar og beskrive kvifor rusmisbruk kan føre til marginalisering eller utanforskap.
4. Diskuter løysingar
I denne delen av oppgåva skal du diskutere ulike tiltak som kan hindre forma for marginalisering og utanforskap som du har valt. Kva kan samfunnet gjere for å hindre denne forma for marginalisering og utanforskap? Finn gjerne konkrete døme for tiltak for den gruppa du har valt, og diskuter fordelar og ulemper med desse ulike tiltaka.
5. Presenter resultatet
Til slutt skal du presentere kva du har kome fram til. Du kan levere ein skriftleg rapport eller halde ein presentasjon for klassen.
Tips til kjelder
Her finn du nokre tips til kjelder som du kan bruke som eit utgangspunkt i oppgåva.
Funksjonsnedsetjing
Rasisme og diskriminering
Innvandring
NDLA: Integrering, assimilering, segregering og marginalisering
FAFO: Innvandring og integrering i arbeidslivet – en innføring