Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Kva er årsakene til utanforskap, og korleis er det å falle utanfor fellesskapen? Det finst mange ulike former for utanforskap, og det kan opplevast svært forskjellig.
I denne læringstien skal du
- lære kva utanforskap er og reflektere over kva det vil seie å vere utanfor
- utforske årsaker og konsekvensar av ulike former for utanforskap
- reflektere over korleis utanforskap kjem til uttrykk i tekstar på norsk og engelsk
- diskutere korleis vi kan forhindre utanforskap
Denne læringsstien er tverrfagleg og kan brukast i samfunnskunnskap, norsk og engelsk. Du kan utforske ulike former for utanforskap frå ei samfunnsfagleg vinkling og jobbe med tekstar som beskriv utanforskap i norsk og engelsk.