Hopp til innhald
Oppgåve

Korleis skaper vi meining?

Kva er samanhengen mellom psykisk helse og opplevinga av meining? Sjå ein kort film med psykolog Sondre Risholm Liverød og reflekter over korleis vi skaper meining i livet, og kvifor det kan vere så viktig.

Oppgåve 1

Reflekter over desse to spørsmåla før du ser filmen:

  1. Kva er det meiningsfylt å bruke tida på for deg? Grunngi svaret.

  2. Kvifor er det viktig for deg å bruke livet ditt på noko meiningsfylt?

Video: Hilde Gullhaug Hennes / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 2. Korleis skaper vi meining?

  1. Kva er samanhengen mellom meining og psykisk helse?

  2. Kva meiner psykologen med "objektspel"?

  3. Kva er problemet med at vi heile tida prøver å tene pengar for å kjøpe ting, ifølge psykologen?

  4. Kva meiner psykologen at vi må gjere for å finne meining i livet?

Oppgåve 3. Takksemd-øvingar

Det finst forsking som viser at takksame menneske har betre psykisk helse.

  1. Kvifor er nokon menneske meir takksame enn andre?

  2. Kvifor trur de at takksame menneske har betre psykisk helse?

  3. Skriv ned tre ting som har skjedd deg i dag som du kan vere takksam for.

  4. Kvifor kan takksemd føre til at livet vårt opplevast litt meir meiningsfylt?

  5. Korleis trur du vi kan bli meir takksame?

Takksemd-eksperiment

Gjennomfør eit takksemd-eksperiment. Vel i starten om du vil bruke ein, to, tre eller fire veker på eksperimentet. Set av nokre minutt kvar kveld før du går og legg deg til å skrive ned kva som har vore bra med den dagen, og kva du er takksam for.

Etter ei veke kan du lese gjennom lista og velje ut kva du er aller mest takksam for den veka. Viss du gjennomfører øvinga i ein lengre periode, kan velje ut kva du er aller mest takksam for den månaden.