Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kan du som lærar jobbe med psykisk helse i klasserommet?

Kva kan du som lærar gjere for å fremme den psykiske helsa til elevane? For ungdommane er ofte læraren den viktigaste vaksenpersonen på skulen. Som lærar har du ei unik moglegheit til å bidra til elevane si psykiske helse ved å ta opp utfordringane dei møter og skape eit trygt og godt læringsmiljø.

Psykisk helse i klasserommet

Vi har alle ei psykisk helse, og som ein trygg vaksenperson kan du som lærar i stor grad bidra til å fremme den psykiske helsa til elevane. Å arbeide med psykisk helse i klasserommet er ikkje det same som å vere terapeut. At du tek opp temaet, betyr mykje for alle elevane dine, same kva de måtte snakke om, og korleis de gjer det.

Psykisk helse i læreplanen

Den nye læreplanen har auka fokus på psykisk helse. I overordna del står det: "Livsmeistring dreier seg om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som har betydning for meistring av eige liv." Både opplæringslova og læreplanen er tydelege på at lærarrolla handlar om meir enn berre fagformidling. Som lærar har du ansvar for å skape eit trygt og godt læringsmiljø og legge til rette for elevar som strever.

Finn din veg

Du kan legge til rette for at elevane arbeider med psykisk helse i klasserommet utan at du skal vere ein ekspert som sit på alle fasitsvar. Å lese tekstar, sjå filmar og reflektere saman eller løyse oppgåver knytte til psykisk helse, vil i seg sjølv auke kunnskapen og forståinga til elevane for temaet. Kunnskap om psykisk helse fremmer god psykisk helse (Andersen, 2016). Vel tema innanfor psykisk helse du kjenner deg komfortabel med å snakke om, og gjerne noko du trur kan treffe klassen din. Døme kan vere stress, kjærleikssorg, einsemd eller det å grue seg for å halde framføringar. Ha fokus på at livet svingar for alle menneske, og at det finst hjelp å få både på og utanfor skulen.

Det er ikkje å forvente at du som lærar skal snakke om psykiske lidingar eller alvorlege tema, som til dømes sjølvmord. Samtidig kan det vere nyttig å vite at berre det å tematisere psykisk helse i klasserommet, har vist seg å kunne ha ein sjølvmordsførebyggande effekt (Wasserman et al., 2015).

Undervisningsmetodar

Som lærar har du god kjennskap til ulike pedagogiske verkemiddel. Det blir anbefalt at undervisninga blir lagd opp med fokus på dialog. Gode diskusjonar kan bidra til varig effekt på haldningar og gi elevane større motstandskraft (Andersen, 2016). Film og musikk kan vere gode inngangsportar til å arbeide med psykisk helse. Å la elevane sjå kortare eller lengre filmsnuttar, som dei kan reflektere rundt eller løyse oppgåver knytte til, er ei undervisningsform mange lærarar og elevar trivst med når dei arbeider med psykisk helse.

Svært mange songtekstar kan knytast til nettopp psykisk helse på ulike måtar. Innhaldet treng ikkje berre vere relatert til vanskelege tema, men kan òg gjerne vere knytt til helsefremmande aspekt. Døme på låtar som har med psykisk helse å gjere, er "Alene sammen" av Emelie Hollow, "Smilet i ditt eget speil" og "Bak fasaden" av Chris Holsten og "Håper du har plass" av Cezinando.

Aktuelle undervisningsopplegg

I artikkelen "Folkehelse og livsmeistring" og på VIP psykisk helse i skolen finn du fleire læringsstiar, artiklar og oppgåver du kan bruke i klassane dine. Nokre aktuelle emne er:

Personleg versus privat

Å jobbe med psykisk helse i klasserommet betyr ikkje at verken elevar eller lærar skal måtte dele private historier i klasserommet. Mange elevar set likevel pris på at ein lærar deler noko som er personleg, utan at dette treng å vere av privat karakter. Det er sjølvsagt òg greitt om du ikkje ønsker å dele noko frå eige liv. Du skal sjølv vere komfortabel med det du eventuelt vel å fortelje, og kjenne på eigne grenser. Døme kan vere opplevingar som ligg noko tilbake i tid, til dømes å dele at du sjølv opplevde kjærleikssorg som ungdom eller kjende på stress og uro knytta til eksamenar då du var student. Du treng ikkje å gå i djupna på det du eventuelt måtte velje å dele. Det viktigaste er å formidle at livet ikkje går på skjener for nokon, og kva som kan vere til hjelp for å få det betre.

Anerkjenn ulikskap og kompleksitet

Alle menneske ber med seg ulikt bagasje, også elevane i klasserommet ditt. Statistisk sett sit det elevar med svært ulike erfaringar og helseplager i klasserommet. Vi menneske er ulike når det gjeld korleis vi forheld oss til tankar, kjensler og relasjonar. Somme elevar har vakse opp med gode rollemodellar heime og fått mykje rettleiing og støtte frå vaksne i møte med krevjande situasjonar. Andre elevar har lita erfaring med å bli sett, møtt og forstått når dei har hatt det vanskeleg. Somme kan ha utvikla destruktive meistringsstrategiar som følge av å ha måtta stå åleine utan vaksenstøtte i overveldande situasjonar. Hugs at elevane dine ikkje nødvendigvis har fortald deg om ein vanskeleg livssituasjon eller belastande hendingar, sjølv om du har spurt om dette på eit tidlegare tidspunkt.

Nokre ungdommar har dessverre blitt utsette for ulike former for vald eller overgrep av vaksne eller jamaldra. Slike erfaringar er spesielt skadelege dersom dei er påførte av nokon som skulle hatt i oppgåve å verne eller ta vare på den unge. Rundt halvparten av ungdommar som har vore utsette for slike hendingar, har aldri fortald dette til nokon (Hafstad og Augusti, 2019). Samtidig speler ulik personlegdom, sårbarheiter og modninga av hjernen inn på korleis ungdommar meistrar motgang og handterer vanskelege tankar og kjensler.

Ver audmjuk med tanke på at du ikkje veit alt om kva elevane dine har opplevd, eller korleis den psykiske helsa deira er. Ver varsam med for bastante haldningar knytte til psykiske lidingar eller plager, spesielt viss desse først og fremst er dine eigne. Eit døme på ei utsegn som kan vere uheldig, er: "Det er berre å tenke positivt, så får du det betre."

Humor

Humor kan vere eit fantastisk verkemiddel i undervisninga, men det kan òg lande feil. Som ved bruk av all annan humor kan det vere ein god hugseregel å ikkje sparke nedover. Å tulle med psykiske plager eller lidingar kan vere morosamt eller forløysande dersom det kjem frå ein som sjølv har strevd psykisk, men opplevast nedlatande viss det kjem frå nokon som ikkje sjølv har kjend ei slik liding på kroppen.

Den vennlege humoren er gjensidig og anerkjennande, og kan bidra til å skape trygge og gode miljø (Flaten, 2023). Å appellere til det allmennmenneskelege, eller bruke deg sjølv som døme, kan verke avvæpnande overfor elevane. Det kan til dømes vere å tematisere kor vanskeleg det er for oss menneske å gjere det vi veit er bra for oss, òg når det gjeld psykisk helse. Anten vi er vaksne eller ungdommar, vil dei fleste kjenne seg igjen i at det kan vere fort gjort å sitje lenge oppe og sjå på tv, sjølv om vi veit at "det er viktig å prioritere søvn".

Ta vare på deg sjølv

Omsorgstrøyttleik

Ein skulekvardag kan ofte vere prega av eit høgt tempo og mange ulike arbeidsoppgåver. Det kan vere lett å gløyme å ta vare på seg sjølv. Kanskje kan det å skulle tematisere psykisk helse i klasserommet overfor elevane dine, òg vere ei bevisstgjering for deg sjølv på korleis du har det.

Mange lærarar kan oppleve eit gap mellom opplevd ansvar og kompetanse når det gjeld elevar si psykiske helse (Ekornes, 2019). Fleire strekker seg langt for å hjelpe elevar som strever, og kan samtidig kjenne på eit krysspress knytt til å vareta enkeltelevar og klassen i sin heilskap. Kjensla av maktløyse over tid kan føre til negative tankar om seg sjølve, sin eigen kompetanse eller innsats. Det kan òg vere at vi begynner å plassere skyld på "alle der ute" som ikkje gjer nok.

Omsorgstrøyttleik kan oppstå i alle yrke der det blir arbeidd med menneske, og handlar mellom anna om at evna til å ta innover seg andre sine problem, blir redusert. Omsorgstrøyttleik kan merkast som ulike symptom. Kanskje kjenner du på at du er meir sliten, har søvnvanskar, er irritabel eller uroleg. Omsorgstrøyttleik kan vere eit forstadium til å bli utbrend. Søk hjelp viss du har kjend på dette over tid.

Sjølvvaretaking

For å unngå omsorgstrøyttleik er det viktig å søke rettleiing og støtte frå gode kollegaer, som medlærarar, helsesjukepleiar eller rådgivar. Sjølvvaretaking er ikkje berre ansvaret til den enkelte, men noko som heng tett saman med varetakande system og ein støttande fellesskap på arbeidsplassen.

Bevisstgjer leiaren din på utfordringar du opplever i arbeidskvardagen din. Kvar går tolegrensa di? Du skal ikkje stå åleine med ansvaret for tilrettelegging for elevar som har psykiske utfordringar. Sjølvvaretaking handlar òg om stressmeistring. Gode pausar og nok kvile er avgjerande for å fungere i kvardagen. Viss du ikkje tek vare på deg sjølv, er det vanskeleg å ta vare på elevane dine.

VIP Psykisk helse i skolen under fana "For lærere – Vestre Viken HF" kan du finne meir informasjon om omsorgstrøyttleik og sjølvvaretaking i læraryrket.

Vidare arbeid med psykisk helse

Det finst mange ulike måtar å tematisere psykisk helse i klasserommet på. Sidan det finst så mange ulike innfallsvinklar til psykisk helse, kan det vere lurt å ta utgangspunkt i det elevane i klassen din er opptekne av. Ved å jobbe med desse temaa, kan du få ein sterkare relasjon til elevane, skape eit tryggare og meir inkluderande klassemiljø og bidra til at ungdommane får ei betre psykisk helse.

Kjelder

Andersen, B. J. (2016). Informasjon om psykisk helse – et sentralt tiltak for å fremme elevers sosiale og emosjonelle kompetanse. I Bru, E., Idsøe, E.C og Øverland, K. (red) Psykisk helse i skolen. (s.257–270). Universitetsforlaget. Oslo

Ekornes, S. (2018) Lærerprofesjonalitet i arbeidet med psykisk helse i skolen. Fagbokforlaget. Bergen.

Flaten K. (2023) Humorens rolle i pedagogiske og spesialpedagogiske settinger i barnehage og skole (utdanningsnytt.no). https://utdanningsforskning.no/artikler/2023/humorens-rolle-i-pedagogiske-og-spesialpedagogiske-settinger-i-barnehage-og-skole/

Hafstad, G. S. & Augusti, E. M. (2019) Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten: En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress A/S. Rapport nr. 4/2019.

Snakk om det. Veiledningshefte for lærere og ressurspersoner i VIP.

Wasserman et. Al. (2015): School-based suicide prevention programmes: the SEYLE cluster-randomised, controlled trial – The Lancet. https://www.thelancet.com/journals/lancet/article/PIIS0140-6736(14)61213-7/abstract

CC BY-SASkrive av Camilla Øien .
Sist fagleg oppdatert 08.03.2024

Læringsressursar

Psykisk helse