Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppeoppgåve: Tankefeller

Kva skjer når du blir lurt av dine eigne tankar? I denne oppgåva skal de arbeide saman med å utforske, presentere og diskutere ulike tankefeller.

1. Førebuing

Les teksten "Kva er tankefeller?" under og svar på spørsmåla.

Kva er tankefeller?

Tankefeller kan beskrivast som "mentale snarvegar" vi ubevisst bruker når vi tolkar oss sjølv, andre eller verda. Ofte tek vi menneske avgjerder eller landar på konklusjonar baserte på ganske lite og einsidig informasjon.

Eit døme på ei tankefelle er at du tenker: "Presentasjonen min blei totalt mislykka, for eg skalv i stemma i starten". I ditt eige hovud har du altså bestemt deg for at heile presentasjonen gjekk dårleg basert på ein liten del av framføringa. Hadde du teke heile presentasjonen med i vurderinga, ville du kanskje sett at det var fleire ting som òg gjekk bra?

Tankefeller kan vere problematiske viss vi har mange av dei, og til slutt gjer dei at vi begynner å sjå oss sjølv og andre på ein måte som er langt frå verkelegheita. Til dømes kan mange av oss tenke: "Eg er ikkje ein person nokon vil bli kjæraste med". Slike tankar kan vi ha fordi vi tidlegare har blitt avviste av nokon vi liker. Men dette treng ikkje å vere ei meining andre har om deg, det er di eiga tolking av korleis andre opplever deg.

Når vi står i konfliktar eller kjenner på sterke kjensler, er det ekstra vanleg å hamne i tankefeller. Viss du til dømes kranglar med mor di og tenker: "Ho tek alltid veslebror sitt parti", er dette eit døme på svart-kvitt-tenking, som du kan lese meir om nedanfor. Slike mentale snarvegar er òg framståande ved depresjon eller angst. Då er det spesielt vanskeleg å bli klar over at vi kan hamne i tankefeller.

Nokre gonger kan det vere lurt å ta mentale snarvegar. Då omarbeider vi informasjon raskt og kan ta kjappe avgjerder. Men dersom vi ofte hamnar i tankefeller, kan det vere ein god idé å øve seg på å tenke litt annleis.

Teksten er henta frå artikkelen "Tankefeller", skriven av Camilla Øien / VIP Psykisk helse i skolen, Vestre Viken. CC BY-SA.

  1. Kva er ei tankefelle?

  2. Når kan det vere lett å hamne i ei tankefelle?

  3. Kva kan vere farane ved å hamne i ei tankefelle?

2. Gjennomføring

  1. Del klassen i grupper på 3–4 elevar.

  2. Kvar gruppe får tildelt ei tankefelle dei skal presentere for resten av klassen. Bruk beskrivingane av ulike tankefeller i artikkelen "Tankefeller".

  3. Gruppa lagar ein presentasjon for dei andre. Forsøk gjerne å illustrere og presentere den tankefella de har på ein kreativ måte, til dømes gjennom eit rollespel, ein podkast, ei interaktiv forteljing eller ein video. Uavhengig av kva format de vel, bør presentasjonen innehalde

    • årsaker til tankefella

    • konkrete døme på tankefella

    • konsekvensane av tankefella

    • forslag til korleis vi kan unngå tankefella eller hindre ho frå å gjenta seg

3. Etterarbeid

Reflekter saman i plenum.

  1. Korleis kan tankefeller påverke kjenslene våre på ein negativ måte? Gi konkrete døme.

  2. Korleis kan tankefeller få oss til å gjere ting som er uheldige for oss?

  3. Kva kan du sjølv gjere for å unngå tankefeller?

  4. Kva kan du gjere viss du opplever at ein venn har ei tankefelle?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2024

Læringsressursar

Psykisk helse