Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Psykisk helse handlar om tankane og kjenslene våre. Det handlar om korleis vi har det, og korleis vi taklar utfordringar i kvardagen.

I denne læringsstien skal du

  • få kunnskap om psykisk helse, sjølvkjensle, sjølvtillit, psykiske hjelpetiltak, gode og dårlege relasjonar, psykiske lidingar og psykiske plager
  • reflektere over kva som påverkar den psykiske helsa vår, korleis vi kan ta vare på ho, og kva vi kan gjere viss vi kjenner nokon som har det vanskeleg
  • utforske ulike psykiske lidingar og få vite kven du kan ta kontakt med viss du møter psykiske utfordringar
  • diskutere kva som er god og dårleg psykisk helse, kva som er samanhengen mellom fysisk og psykisk helse, og kva du sjølv, skulen og samfunnet kan gjere for å fremme god psykisk helse

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet psykisk helse.

Læringsstien er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen, som arbeider med rettleiig og informasjon om psykisk helse.