Psykiske plager og psykiske lidingar
Diskuter med ein medelev før de ser filmen:
Kva er forskjellen på å vere trist og å vere deprimert?
Kva er forskjellen på å vere engsteleg før ein prøve og å ha angst?
Kva er ei psykisk plage?
Kva er ei psykisk liding?
Kva kan vere årsakene til at nokon utviklar ei psykisk liding?
Kvifor er det viktig at du oppsøker profesjonell hjelp viss du lurer på om du er i ferd med å utvikle ei psykisk liding?
Mange ungdommar bruker diagnosar på psykiske lidingar for å beskrive korleis dei har det. Dei seier til dømes at dei er deprimerte når dei berre er litt triste, eller at dei har angst når dei berre er litt nervøse. Kva slags konsekvensar trur de denne måten å snakke på kan få?
I denne oppgåva skal du velje ei psykisk liding og finne ut meir om kva som kjenneteiknar ho. Vel ei psykisk liding og finn ut
kor vanleg den psykiske lidinga er i Noreg
kva som er dei viktigaste kjenneteikna på denne lidinga
kva konsekvensane av lidinga kan vere
om denne lidinga finst i ulike former, og eventuelt kva for type former
kva slags behandling det er for denne lidinga
Kjelder:
Treng du nokon å snakke med?
Det kan vere lett å kjenne seg igjen i enkelte beskrivingar av psykiske lidingar, men det treng ikkje å bety at du sjølv er sjuk. Det er berre profesjonelle helsearbeidarar som kan avgjere om du har ei psykisk liding. Viss du lurer på om du har ei psykisk liding, må du derfor alltid oppsøke profesjonell hjelp.
Viss du treng nokon å snakke med om psykiske plager eller lidingar, er det mange du kan ta kontakt med. I artiklane under finnar du namnet på ei rekke instansar som kan hjelpe deg:
Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.