Den psykiske helsa vår
Diskuter før de ser filmen:
Kva er psykisk helse?
Kva betyr det å ha god eller dårleg psykisk helse? Gi konkrete døme.
Sjå filmen og diskuter i grupper:
I filmen seier dei at psykisk helse handlar om korleis vi handterer det som oppstår i kvardagen. Kva trur de det kan bety?
Kan vi ha god psykisk helse sjølv om vi opplever vanskar? Kan vi til dømes ha god psykisk helse viss foreldra våre skil seg, og vi samtidig har gode venner, trivast på skulen og har fritidsaktivitetar vi liker?
I filmen blir det nemnd at psykisk helse mellom anna handlar om å kunne be om hjelp når vi treng det. Kvifor er det viktig å kunne be om hjelp?
I filmen seier dei at "det er nedturane i livet som gjer oppturane bra". Diskuter denne påstanden. Er du einig eller ueinig? Kvifor / kvifor ikkje?
Kvifor trur de at det er så viktig at venner hjelper kvarandre når vi opplever psykiske vanskar og utfordringar?
Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.