Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er kjensler?

Kjensler er ein sentral del av den psykiske helsa vår og hjelper oss med å forstå kva som er viktig for oss. Lær deg å kjenne igjen ulike kjensler, diskuter kva for nokre kjensler som er mest utfordrande, og kva vi kan gjere for å handtere dei på ein god måte.

Oppgåve 1. Korleis opplever vi kjensler?

Det er ikkje alltid like enkelt å kjenne igjen ulike kjensler og skilje dei frå kvarandre. Dra rett kjensle til rett oppleving.

Oppgåve 2. Kjensler og behov

Vi er alle fødde med same grunnleggande kjensler. Grunnen til at vi har desse ulike kjenslene, er at dei dekker nokre sentrale behov som vi menneske har hatt langt tilbake i evolusjonen. Test deg sjølv og finn ut kva behov dei ulike kjenslene dekker.

Oppgåve 3. Når kjenslene dekker over kvarandre

Kjenslene våre kan fortelje oss kva vi har behov for. Er vi triste, har vi til dømes behov for trøyst. Men kjenslene kan nokre gonger dekke over kvarandre og skjule det vi eigentleg har behov for.

Det er slutt mellom Thea og kjæresten. Toppen av isfjellet, som ligg over vassflata, illustrerer den kjensla Thea viser til omgivnadene sine: irritasjon. Den største delen av isfjellet er under vatn og usynleg for oss. Han illustrerer dei kjenslene Thea eigentleg har: tungsinn, skam og einsemd. Illustrasjon.
  1. Viss nokon seier noko sårande til oss, reagerer dei fleste først med å bli leie seg, men somme kan synast denne kjensla er vanskeleg å vise. Derfor kan det skje at vi reagerer med ei anna kjensle, til dømes sinne. Finn eit eller to døme på at du eller andre ikkje viser det vi inst inne kjenner i ein situasjon.

  2. Når vi ikkje viser det vi eigentleg kjenner til andre, kan det føre til at vi ikkje får dekt behova våre. Når nokon seier noko sårande til oss, blir vi som regel triste og har behov for trøyst. Men viss vi heller reagerer med sinne eller likegyldigheit, får vi sannsynlegvis ikkje dekt dette behovet. Finn eit eller to døme på at nokon ikkje får dekt behovet sitt fordi dei ikkje viser det dei eigentleg kjenner.

  3. Kva trur du grunnen kan vere til at vi ikkje alltid viser det vi omgåande kjenner på i ein situasjon? Kvifor trur du at vi av og til reagerer med å bli triste i staden for sinte, sinte i staden for redde eller irriterte i staden for skamfulle?

  4. Kvifor kan det vere viktig å forstå kva du eigentleg kjenner og kunne vise det til andre?

  5. Kan det vere nokon fordelar med å ikkje alltid vise kva vi kjenner? Grunngi svaret.

  6. Test deg sjølv. I oppgåva under møter du tre ungdommar som reagerer med ulike kjensler. Kva for nokon kjensler trur du eigentleg dei har i dei ulike situasjonane?

Utforsk vidare. Har du har lyst til å utforske korleis kjenslene kan dekke over kvarandre? Les meir i artikkelen "Primærfølelser og sekundærfølelser" på Følelseskompasset.

Oppgåve 4. Individuell refleksjonsoppgåve

Oppgåve 5. Tankar og kjensler

Diskuter i grupper:

  • Korleis påverkar kjenslene oss?

  • Kvifor kan det vere viktig å kjenne igjen og forstå sine eigne kjensler?

  • Kvifor kan somme kjensler vere spesielt vanskelege å takle?

  • Kva er samanhengen mellom tankar og kjensler? Kan somme tankar gjere det enklare eller vanskelegare å takle kjenslene sine?

  • Kva kan vi gjere for å takle vanskelege kjensler?

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

Stiegler, J. R, Sinding, A. I. & Greenberg, L. (2018). Klok på følelser, det følelsene prøver å fortelle deg. Gyldendal.

Relatert innhald

Kjensler er ein viktig del av den psykiske helsa vår. Korleis påverkar kjensler oss, og korleis kan vi regulere dei på ein god måte?

Sjå ein film om kjensleregulering, og diskuter korleis vi kan handtere kjenslene våre på ein god måte.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Camilla Øien.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2024

Læringsressursar

Psykisk helse