OppgåveVideo: Bløff med statistikkStatistikk hjelper oss å forstå verda, men han kan òg lure oss trill rundt.Vis kompetansemålSjå videoen og svar på spørsmåla under. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0Kvifor treng vi statistikk? Gi døme på tre ting du tenkjer at det er viktig at vi har statistikk på. Grunngi svaret.Forklar med eigne ord tre ulike måtar ein kan jukse med statistikk på. Bruk gjerne eigne døme.Lag ei liste over dei 3–5 viktigaste tinga du må tenkje på eller sjå etter når du skal vurdere ei framstilling av statistikk.