Hopp til innhald

Fagstoff

Diagramtypar og data

Det viktigaste i ei visualisering er sjølvsagt sjølve innhaldet, eller dataa. Korleis du les desse dataa, avheng av diagramtypen. Vi skal her sjå på fire ulike typar.

Ulike diagram

  • Studer nøye alle døma. Bruk det du har lært om tittel, datakjelde, nøkkel, aksar og skalaer (sjå artikkelen "Å lese statistikk"). Bruk spørsmåla som er lista opp under kvar diagramtype. Diskuter gjerne undervegs.
  • Kva er interessant? Tenk deg at du skal skrive ei nyheitssak som skal bruke dette diagrammet. Kva ville overskrifta vore?

Linjediagram

  • Blir brukt for å vise utvikling. X-aksen er derfor som regel ein tidsakse.
  • Går utviklinga opp eller ned?
  • Er utviklinga positiv eller negativ?
  • Finst det nokre mønster i utviklinga, til dømes knytt til årstider, vekedagar eller tidspunkt?
  • Er det plutselege endringar i utviklinga? Kva kan dette komme av?
  • Fleire linjer? Samanlikn!
  • Kvar byrjar y-aksen? Viss han ikkje byrjar på null, kvifor trur du dei har valt å gjere det slik?
  • Meir om linjediagram på tallgrafikk.no

Døme

Stabla diagram

  • Du kan lage stabla diagram både av stolpediagram og linjediagram.
  • I staden for å vise ulike kategoriar kvar for seg, blir dei stabla oppå kvarandre, slik at dei òg viser ein totalverdi.
  • Blir gjerne brukt for å vise både ei utvikling og forhold mellom heilskap og delar.
  • Kan vere vanskeleg å samanlikne når det er stabla.
  • Les om stabla stolpediagram på tallgrafikk.no.

Døme

Dømet på linjediagram og stabla diagram viser nøyaktig dei same tala.

  • Samanlikn diagramma.
  • Kva er fordelane og ulempene med dei to ulike visualiseringane?

Stolpediagram/søylediagram

  • Blir brukt når tala kan samlast i ulike kategoriar og samanliknast.
  • Kva kategoriar er størst?
  • Kva er minst?
  • Korleis er dei rangerte?
  • Kvar byrjar y-aksen? Viss han ikkje byrjar på null, kvifor trur du dei har valt å gjere det slik?
  • Blir òg ofte brukt for å vise utvikling på same måte som eit linjediagram, viss kvar stolpe t.d. representerer eit år eller ein månad.
  • Meir om stolpediagram på tallgrafikk.no

Døme

Kakediagram/sektordiagram

  • Blir brukt for å vise forholdet mellom delane (eit "kakestykke") og heilskapen (heile "kaka").
  • Kva delar er størst?
  • Kva er minst?
  • Meir om kakediagram på tallgrafikk.no

Døme

Dømet på stolpediagram og kakediagram viser nøyaktig dei same tala.

  • Samanlikn diagramma.
  • Kva er fordelane og ulempene med dei to ulike visualiseringane?

Relatert innhald

Kva er det viktigaste ein bør sjå etter når ein skal lese statistikk?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: tallgrafikk.no
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020

Læringsressursar

Statistikk og talgrafikk