Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bløff med statistikk!

No skal du sjølv bløffe med statistikk. I denne statistikk-manipulatoren kan du vri og vrengje på tal, aksar, stolpar og linjer til det blir slik du vil.

I oppgåvene under skal du manipulere diagrammet for å få fram bodskapen din. Det er lettast å jobbe med statistikk-manipulatoren i fullskjerm-vising.

Slik bruker du statistikk-manipulatoren
  • Endre rekkjevidde på x- og y-akse: Du kan bestemme kvar x- og y-aksen skal starte og slutte ved å dra i sliderane.

  • Ta bort verdiar på y-aksen: I desse døma er det årstal på y-aksen. I tabellen kan du ta bort enkelte år for å "pynte" på det du skal presentere.

  • Ta bort dataseriar: I datasettet "BNP per innbyggjar" er det fleire land. Du kan velje kva for nokre av desse landa som skal visast ved å velje dei bort i tabellen.

  • Endre diagramtype: Du kan velje om diagrammet skal visast som linje eller stolpe.

  • Byte datasett: Du kan her velje mellom to førehandsdefinerte datasett ved å trykkje på rullegardinmenyen oppe til venstre.

  • Eigendefinerte datasett: Viss du ønskjer, kan du laste opp dine eigne datasett og jobbe med heilt andre tal ved å klikke på "Importer data". Her finn du ei oppskrift på korleis dette blir gjort.

1. Arbeidsløyse

For å løyse denne oppgåva må du vite i kva periodar Høgre og Arbeidarpartiet sat med regjeringsmakta. Her er ei oversikt:

Arbeidarpartiet har hatt regjeringsmakt i følgjande periodar: 1973–1981, 1986–1989, 1990–1997, 2000–2001, 2005–2013.

Høgre har hatt regjeringsmakt i følgjande periodar: 1981–1986, 1989–1990, 2001–2005 og 2013–2021.

I periodane 1972–1973 og 1997–2000 sat verken Høgre eller Arbeidarpartiet i regjering.

  • Ta utgangspunkt i datasettet som viser arbeidsløyse.

  • Vel om du vil representere Høgre eller Arbeidarpartiet.

  • Manipuler diagrammet og finn ein måte å framstille tala på som set partiet ditt i eit godt lys, eller som set den politiske motstandaren din i eit dårleg lys.

  • Når du er nøgd, kan du laste ned bilete av diagrammet ditt.

  • Presenter resultata for kvarandre i grupper eller felles i klassen.

2. Var Noreg eit av Europas fattigaste land i 1911?

I nyttårstalen sin 1. januar 2011 sa dåverande statsminister Jens Stoltenberg mellom anna følgjande:

I 1911 var vi eit fattig jordbrukssamfunn som mange flytta frå. I 2011 er vi eit rikt, moderne samfunn som mange vil flytte til. (...) For ei reise våre eldste har vore med på! Dei blei fødde inn i ein ung nasjon som var blant dei fattigaste i Europa.

Denne talen fekk sterk kritikk på grunn av påstandar som kjem fram i dette utdraget.

  • Ta utgangspunkt i datasettet som viser BNP per innbyggjar.

  • Finn ei framstilling av desse tala som viser på tydelegast mogleg måte at Stoltenberg har feil i éin eller fleire av påstandane sine.

  • Når du er nøgd, kan du laste ned bilete av diagrammet ditt.

  • Finn ei framstilling av talen som kan støtte ein eller fleire av Stoltenbergs påstandar.

  • Når du er nøgd, kan du laste ned bilete av diagrammet ditt.

  • Presenter resultata for kvarandre i grupper eller felles i klassen.

  • Diskuter: Kva er rett og kva er gale med Stoltenbergs påstandar i nyttårstalen?

3. Diskuter: Kvar går grensa?

Når ein skal presentere statistikk, må ein ta nokre val. Kva slags visuell framstilling får fram talen på best måte? Kva for nokre tal er relevante å ta med?

Kvar går grensa for kva som er god formidling av statistikk? Når blir det rein manipulering og forvrenging av verkelegheita? Diskuter i klassen. Prøv å kome fram til nokre enkle køyrereglar for god bruk og presentasjon av statistikk.

Kjelder

Stoltenberg, J., Statsministerens nyttårstale 2011. https://www.nrk.no/norge/statsministerens-nyttarstale-2011-1.7446005

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2021

Læringsressursar

Bløff med statistikk