Oppgåve
"Utsleppa går ned"
I 2019 publiserte Høgre eit innlegg om klimagassutslepp i sosiale medium. Det vart bråk.
Les overskrifta, sjå raskt på linjediagrammet over og diskuter:
- Kva er Høgres bodskap med denne framstillinga av klimastatistikk?
Det vart mykje oppstyr rundt denne framstillinga i kommentarfelt og media. Studer tala og måten dei er lagt fram på.
- Kvifor er det brukt raud og blå farge, trur du?
- Kva trur du Høgre vart kritisert for?
Under ser du to andre måtar å framstille utviklinga på (figur 1 og 2). Samanlikn med Høgres presentasjon over.
- Kva er forskjellane på dei tre ulike framstillingane?
- Kva meiner du gir den mest riktige framstillinga?
Figur 1
Figur 2
Høgre lèt tidsaksen byrje i 2012. Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg som statsminister sat frå 2005 til 2013. Viss vi trekkjer tidsaksen tilbake til 2005, ser grafen slik ut (sjå figur 3).
- Kva kan vere grunnen til at ein i Høgres Facebook-innlegg lét tidsaksen starte nettopp på 2012?
Figur 3
Høgres påstand er at klimagassutsleppa går ned med Høgre i regjering. Du har her sett at grafen dei brukte var triksa med og pynta på.
- No som du har sett eit litt større bilde, vil du seie at påstanden er direkte feil, upresis, misvisande eller heilt riktig? Grunngi svaret.
- Kva aktørar i samfunnet trur du kan ha interesse av å bløffe med statistikk? Trur du partiet Høgre er noko verre enn andre?