Oppgåve
Video: Bløff med statistikk
Statistikk hjelper oss å forstå verda, men han kan òg lure oss trill rundt.
Sjå videoen og svar på spørsmåla under.
- Kvifor treng vi statistikk? Gi døme på tre ting du tenkjer at det er viktig at vi har statistikk på. Grunngi svaret.
- Forklar med eigne ord tre ulike måtar ein kan jukse med statistikk på. Bruk gjerne eigne døme.
- Lag ei liste over dei 3–5 viktigaste tinga du må tenkje på eller sjå etter når du skal vurdere ei framstilling av statistikk.